Vålandshagen: Bygger fellesskap med bustader for alle
I Stavanger er Vålandshagen under bygging - eit nabolag med 97 bustader for menneske i ulike aldrar og livssituasjonar. Prosjektet kombinerer ordinære bustader, rimelegare etablerarbustader, sjølveigde omsorgsbustader og fellesskapsløysingar.
Vålandshagen viser korleis ein kommune kan bruke eiga tomt, tydelege bustadpolitiske mål og tidleg samarbeid med Husbanken for å gå frå plan til gjennomføring. Prosjektet er òg eit godt døme på samarbeid mellom det offentlege og private aktørar, der private bidreg med innovative bustadløysingar.
Bakgrunn
Arbeidet med Vålandshagen, som ligg innanfor den sentrumsnære trehusbyen på Våland, starta lenge før byggestart. Då den tidlegare tekniske fagskulen på tomta skulle avviklast, ønskte Stavanger kommune å bruke området til noko meir enn eit ordinært bustadprosjekt. På den nordlege delen av tomta er det bygd ein barnehage, og på den sørlege delen ønskte kommunen å utvikle eit bustadprosjekt med fokus på sosial berekraft.
Vålandshagen bygger på visjonen i kommuneplanen til Stavanger kommune: "Vi bygger fellesskap". Målet var å utvikle eit bustadområde med god bebuarmiks, møteplassar og bustader som fleire grupper kunne få moglegheit til å bu i.
Mål og målgruppe
Målet med Vålandshagen er å skape eit bustadområde der fleire grupper kan bu side om side, og at dette skal skje i tett samarbeid med private bustadaktørar.
Stavanger kommune ønskte særleg å få til:
- ei mangfaldig bebuarsamansetting
- eit burettslag med sjølveigde omsorgsbustader med personalbase, integrerte i eit ordinært bustadområde
- rimelegare bustader med restriksjonar på vidaresal, slik at dei blir varig rimelegare
- bustader i ulike storleikar og prisklassar
- gode møteplassar
- fellesskaps- og deleløysingar ute og inne
Prosessen
Tidleg planlegging, politisk forankring og tverrfagleg samarbeid har vore avgjerande for å lukkast med Vålandshagen.
Ein viktig føresetnad var at Stavanger kommune, gjennom Stavanger utvikling KF, eigde tomta. Det gav kommunen moglegheit til å bruke rolla som grunneigar aktivt for å styre måla og innhaldet i prosjektet, og til å stille tydelege krav til sosial berekraft, bustadtypar og bebuarsamansetting i samband med sal av tomta.
Prosjektet vart leia av Stavanger utvikling KF. Gjennom heile prosessen vart det arbeidd tverrfagleg og på tvers av verksemdsområda i kommunen: plan og miljø, eigedom, helse og velferd, bustadkontor, økonomi og eigedomsføretaket. Husbanken deltok frå starten av og i ulike fasar av prosjektet.
Før konkurransen vart lyst ut, inviterte Stavanger utvikling bustadbransjen til dialog om kva sosial berekraft kunne innebere i eit konkret bustadprosjekt.
Kommunen tok imot ti tilbod i ein open tilbodskonkurranse. Her skulle utbyggarar stille med eit team av arkitektar og landskapsarkitektar, og det vart konkurrert både på konsept og pris. Konkurransegrunnlaget var relativt ope, men med konkrete krav knytte til bufellesskapet og etablerarbustadene. Det var bustadutviklarane og arkitektane som skulle kome med dei gode ideane og løysingane.
Vinnaren vart INEO Eigedom og Helen & Hard arkitektar med prosjektet "SAMMEN".
Resultat
Konseptet vann mellom anna på grunn av løysinga med eit felles tun omgitt av bustadklynger, der burettslaget har ei sentral og attraktiv plassering. Bustadtypologien gir moglegheit for god spreiing av etablerarbustadene og introduserer òg eit større burettslag i prosjektet.
I tillegg er prosjektet godt tilpassa nabolaget og trehusa rundt, både i skala og utforming. Vinnarforslaget vart lagt til grunn for reguleringsplan og prosjektering, som utbyggar og arkitekt har hatt ansvar for, men med jamlege oppfølgingsmøte med kommunen. Sola Bygg AS er entreprenør for sjølve bygginga.
I tillegg til ordinære bustader i ulike storleikar omfattar prosjektet:
- ti etablerarbustader til redusert pris
- seks sjølveigde omsorgsbustader for personar med utviklingshemming, med personalbase
- eit større burettslag med deleløysingar
Dei første bustadene skal vere klare til innflytting i 2027, og heile Vålandshagen skal etter planen vere ferdig i løpet av 2028.
Finansiering
Husbanken har bidrege med finansiering gjennom mellom anna lån til bustadkvalitet, investeringstilskot og startlån til enkelte kjøparar.
Tips til andre kommunar
Erfaringane frå Vålandshagen peikar på fleire faktorar som kan vere nyttige for andre kommunar:
- knyte bustadpolitiske mål til konkrete tomter
- forankre prosjektet politisk og administrativt
- få Husbanken tidleg inn i planlegginga
- etablere eit forpliktande samarbeid i kommunen, med relevante fag- og verksemdsområde, som følger prosjektet i alle fasar
- involvere private aktørar tidleg i prosessen
- bruke konkurransegrunnlaget aktivt for å styre kvalitet og målgruppe
- formalisere samarbeid gjennom konkrete vedtak og avtalar ved ulike milepålar (kjøp/sal, leige, forvaltning og drift)
- søke erfaringar og døme frå andre kommunar