Nye utleigebustader i gammalt bankbygg i Sokndal
Eit gammalt bankbygg i Sokndal sentrum har fått nytt liv. Med lån frå Husbanken og tilvisingsavtale med kommunen er det etablert fem nye utleigebustader i "Banken på Haua". Bustadene gir fleire innbyggarar høve til å bu sentralt og trygt.
Bakgrunn
Sokndal er ein kommune med drygt 3300 innbyggarar heilt sør i Rogaland. Kommunesenteret er Hauge i Dalane, bustadmarknaden er liten med låg nybygging. Mange innbyggarar, særleg eldre, manglar eigna leilegheiter i sentrum. Kommunen ønskte derfor fleire bustader med god tilgjenge og god standard. Samtidig har kommunen avgrensa ressursar til å bygge bustader sjølv. Samarbeid med ein privat utbyggar blei løysinga.
Det aktuelle prosjektet er eit kjent bygg midt i Hauge sentrum, det tidlegare bankbygget som lokalt blir omtalt som "Banken på Haua". Fyrste etasje blir framleis brukt til næringsverksemd.
Resultat
- Fem nye utleigebustader i andre etasje i bygget.
- Leilegheitene har universell utforming, god tilgjenge og høg teknisk standard.
- Kommunen har tilvisingsrett til to av bustadene i minst tjue år.
- Bustadene ligg sentralt til, med kort avstand til park, skule, butikkar, tenester og møteplassar i sentrum. Det gjer kvardagen enklare for mange av bebuarane.
- Bustadene kan leigast av ulike grupper som har utfordringar på bustadmarknaden. Samtidig gjer universell utforming at bustadene òg eignar seg godt for eldre.
Slik blei prosjektet gjennomført
Kommunen lyste ut behovet for tilvisingsbustader. Norgeshus Egersund AS utvikla deretter eit prosjekt med fem leilegheiter i andre etasje i det tidlegare bankbygget.
Utbyggaren etablerte eit eige utleigeselskap som skal eige og forvalte bustadene. Husbanken bidrog med rådgiving om tilvisingsordninga og finansiering. Kommunen inngjekk ein tilvisingsavtale med utbyggaren, som gjer at kommunen kan vise leigetakarar til to av bustadene.
Erfaringar frå prosjektet
Utbyggaren seier at lån frå Husbanken har vore avgjerande for å realisere prosjektet. Den gunstige renta og den lange nedbetalingstida frå Husbanken gjer det mogleg å gjennomføre prosjekt som elles ville hatt høgare økonomisk risiko. Det gir òg større tryggleik dersom enkelte bustader står tomme i periodar.
Tilvisingsavtalen og samarbeidet med kommunen har bidrege til eit tett samarbeid om å utvikle eit bustadtilbod som er tilpassa behova i lokalsamfunnet.
– Når vi ser korleis ein familie kan gå frå ein trong og dårleg bustad til ei ny leilegheit med god standard, forstår vi kor viktige slike prosjekt er. Det er dette vi arbeider for, seier dagleg leiar Eirik Åse i Norgeshus Egersund AS.
Finansiering
Prosjektet er finansiert med lån frå Husbanken, som dekkjer 76 prosent av prosjektkostnadene, i tillegg til eigenkapital frå utbyggaren. Finansieringa frå Husbanken gjeld bustadene og den delen av fyrste etasje som er nødvendig for å kunne etablere bustadene.
Gjennom tilvisingsavtalen sørgjer kommunen for leigetakarar i to av bustadene (40 prosent) i minst tjue år. Leilegheitene blir leigde ut for mellom 11 000 og 13 000 kroner per månad (2026-prisar).
Vidare arbeid
Sokndal kommune har behov for fleire ulike bustader, og kommunen bruker gjerne tilvisingsavtalar igjen. Norgeshus Egersund AS har andre tilvisingsprosjekt som er i gang, og vurderer moglegheita for fleire.