Bustad først til vanskelegstilte i Sandnes
Alle som strevar med å bu får tilpassa hjelp, uavhengig av kva avdeling som følgjer opp. Dette er målet til bustadtenesta, meistringstenesta og Nav i Sandnes. Housing First har blitt ein naturleg del av korleis kommunen jobbar bustadsosialt. Det er på god veg til å bli ein felles metode med felles ansvar på tvers av einingane og verksemdene.
Bakgrunn
Housing First er ei tilnærming til bustadløyse og rus- og/eller psykiske lidingar, og bygger på brukarane sine eigne behov. Til dømes å få tildelt bustad først, utan krav om å verer rusfri.
I Sandnes kommune var Housing First eit prosjekt i FACT (fleksibel aktiv oppsøkande behandling) i samarbeid med Nav og bustadtenesta, frå 2013 til 2016. Metoden blei innført som varig modell frå 2017.
Kommunen erfarte at det var mange som sleit med å ta vare på bustaden og buforholdet sitt, inkludert i omsorgsbustadar, som fekk hjelp av andre avdelingar enn FACT. Mange hadde utfordringar, som førte til at dei mista bustaden eller sleit med naboklager, skadar i bustaden, brannfare eller gjeld.
Resultat
- Alle avdelingar i meistringstenesta brukar Housing First som metode
- Nav, bustadtenesta og meistringseininga har faste tildelingsmøter
- Nøkkelpersonar i kvar avdeling har ansvar for fagleg forankring og opplæring
- Innbyggarane får raskare og meir tilpassa hjelp
- Felles rutinar har gitt færre klager, auka stabilitet og betre naboskap
- Betre samarbeid mellom avdelingar og verksemder
Mål og målgrupper
Mål
- Alle som strever med å bu skal få hjelp til å meistre busitasjonen sin
- Varig busetnad med individuell og tilpassa oppfølging og hjelp
- Auka samarbeid og felles ansvar mellom tenester
Målgrupper
- Personar som har mista bustad tidlegare, personar med rus- og eller psykiske helseutfordringar
- Personar som har utfordringar med å følgje opp avtalar eller ønska endring
- Unge som kjem frå institusjon og treng å få avdekka hjelpebehov
- Innbyggarar som treng rettleiing for å skape eit godt bumiljø
Skildring av prosessen
Etter fleire år med gode resultat, bestemte kommunen i 2022 å utvide bruk av Housing First-metode til fleire tenester i kommunen. Ei prosjektgruppe som bestod av deltakarar frå Nav, meistringseininga og bustadtenesta fekk ansvar for å planlegge og realisere ordninga i kommunen.
Ein føresetnad for å få innarbeida og utvikla metoden, var at den måtte vere forankra i leiinga i alle involverte verksemder. I tillegg må tilsette få sett av tid til å setje seg inn i nye rutinar, delta på fagdagar og samlingar for nøkkelpersonar.
Suksessfaktorar
- Grundig opplæring av nøkkelpersonar i alle verksemder
- Samarbeidsrutinar utarbeidd i fellesskap og tatt inn i alle avdelingar
- Fagdagar, rettleiing og faste møter i prosjektgruppa
- Ny samarbeidsrutine og sjekkliste frå 2025
Ein nøkkelperson er ein som kan Housing First-metoden betre enn dei andre. Nøkkelpersonen er ansvarleg for opplæring i metoden, og er ein ressursperson i dei aktuelle avdelingane som skal drifte Housing First.
Brukarmedverknad
Meistringseininga har erfaringsmedarbeidarar som har vore involvert i arbeidsgrupper og har vore med på å utarbeide nye samarbeidsrutinar, oppfølgingsavtalar og vedlegg til rutinane. Brukarmedverknad er skildra i metodehandboka, både når det gjeld val av bustad og oppfølging i bustad.
Finansiering
Sandnes kommune har arbeidd etter Housing First-metodikken lenge. Allereie i 2013 starta kommunen opp med eit treårig utprøvingsprosjekt. Dette var eit samarbeid mellom Helse Vest, Husbanken, Helse Stavanger, Helse Bergen, Sandnes kommune og Bergen kommune. Prosjektet blei delfinansiert med midlar frå Husbanken sitt dåverande kompetansetilskot.
Sandnes kommune fekk også tilskot frå Husbanken i 2025 for å evaluere Housing First i Sandnes. Noko av det den evalueringa skal gi svar på er ulike praksiserfaringar, antal personar som har fått hjelp, omfanget av hjelpa og endringar i bustabilitet. Evalueringa skal også sjå nærmare på lokalsamfunna sine opplevingar og forbetringspotensialet for sosial inkludering.
Utfordringar undervegs
Kommunen definerte ikkje rolla til nøkkelpersonane tidleg nok. Det førte til at prosjektgruppa fekk unødvendig mykje arbeid, og forventningane til den enkelte nøkkelpersonen blei avklart etter kvart.
Tips til andre
- Forankre arbeidet i leiinga og i kommunen sin bustadsosiale handlingsplan
- Ha faste rutinar for tverrfagleg samarbeid og evaluering
- Tydeleggjere roller og ansvar
- Start i det små og bygg vidare steg for steg
- Gi grundig opplæring og støtte til tilsette
- Samarbeid med NAPHA som fagleg støtte
Lenker
Korleis Sandnes kommune har jobba med Housing First (napha.no)
Housing First som metode (napha.no)
Fafo-rapport: Frå bustadlaus til varig bustad (fafo.no)
Video om Housing First-metoden (YouTube)
Vidare arbeid
Housing First er ikkje lenger eit tidsavgrensa prosjekt. Sommaren 2025 jobba Sandnes kommune med å innarbeide modellen som ein naturleg del av ordinær drift. Prosjektgruppa har framleis behov for å møtast for å evaluere arbeidet og planlegge årlege fagdagar for tilsette i alle verksemder.
Prosjektgruppa evaluerer alt arbeid minimum éin gong i året. Hausten 2025 blei oppfølgingsavtalen for bustad og samarbeidsrutinen evaluert saman med alle nøkkelpersonane.