DUE Bergen: Hjelper utsette ungdommar til å lukkast på bustadmarknaden

DUE («Der Ungdommen Er») gir utsett ungdom tett, fleksibel og individuelt tilpassa oppfølging for å etablere og behalde eigen bustad, primært i den private leigemarknaden. Tiltaket bygger på ein trygg arbeidsallianse med ein koordinator, høg tilgjengelegheit og systematisk bustadsosialt arbeid. I perioden 2015 til 2025 har Bergen kommune hjelpt til med å busette 299 ungdommar gjennom DUE.

En dame og en mann sitter ved et bord og ser på et skjema. Foto.

Foto: Anniken Nedrebø Hope

To menn sitter overfor hverandre ved et bord og ser i en brosjyre. Foto.

Foto: Anniken Nedrebø Hope

To menn smiler og slår knokene sammen. Foto.

Foto: Anniken Nedrebø Hope

En mann og en dame står på et kjøkken og snakker sammen og smiler. Foto.

Foto: Anniken Nedrebø Hope

En mann og en dame sitter i en sofa, mannen prater engasjert. Foto.

Foto: Anniken Nedrebø Hope

Bakgrunn

Bergen kommune etablerte DUE som eit alternativ til institusjonsplasseringar, for ungdom som ofte blir «kasteballar» mellom tenester og som treng heilskapleg støtte i nærmiljøet.

Tiltaket vart utvikla vidare som eit kommunalt tilbod for å gi betre overgangar mellom barnevern og Nav, og for å gi ungdom ei reell moglegheit til å etablere seg i eigen bustad. Mangelen på kommunale utleigebustader og behovet for å klare seg i den private leigemarknaden var ein viktig del av bakgrunnen. Samtidig fekk ungdomane tett oppfølging for å førebyggje brot, utkastingar og mellombelse butilbod. Målet er varig busetting, betre livsmeistring og tryggare overgangar mellom tenester.

Resultat

Tiltaket har i perioden 2015–2025 hjelpt til med å busette totalt 299 ungdommar. I tillegg er ytterlegare 55 ungdommar følgt opp i eigen bustad, med hjelp til busetting frå fosterheim, barnevernsinstitusjonar eller eigen familie. Ifølge NIBR si kartlegging av bustadløyse frå 2020 varierer delen bustadlause blant personar under 25 år i dei fire største norske byane mellom 10 og 22 prosent. Bergen har den lågaste delen bustadlause i denne aldersgruppa. Dette kan tyde på at DUE-tiltaket utgjer eit betydeleg bidrag til å redusere bustadløyse blant unge i Bergen.

Mål og målgruppe

DUE skal bidra til å gi utsett ungdom eit koordinert, heilskapleg og individuelt tilbod om oppfølging i eige nærmiljø, i samarbeid med andre instansar. Det skal også leggast til rette for å forbetre overgangane mellom ulike tenester, både internt i kommunen og mellom statlege og kommunale tenester. DUE-tiltaket skal også støtte og følge opp kvar enkelt ungdom, slik at dei kan etablere eit sjølvstendig tilvære i eigen bustad og ivareta buforholdet på ein god måte. Sentrale delmål er å

Prosessen

DUE starta i 2003 som eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Utekontakten i Bergen kommune var ansvarleg for prosjektet. Målsettinga var å gi tenester i heim og nærmiljø til ungdom frå 16 til 19 år som alternativ til barnevernsinstitusjon.

I 2008 vart DUE etablert som eit kommunalt tiltak, og i 2009 fekk tiltaket kompetansemidlar frå Husbanken til å utvikle det bustadsosiale arbeidet og starte prosjektet «Tett oppfølging i eigen bustad». Prosjektet har vore ein sentral del av utviklinga av det bustadsosiale arbeidet i DUE-tiltaket slik det er i dag.

I same perioden opna DUE for tilvisingar av ungdom med rusproblematikk frå Nav. Sidan 2012 har Nav også kunna vise til ungdom med annan problematikk enn rus. Utekontakten har nytta DUE-metodikken til å busette andre målgrupper, til dømes unge personar utsette for æresmotivert vald, som ikkje lenger kan bu saman med familie eller nettverk.

Brukarmedverknad

Høg grad av brukarmedverknad er viktig for å lukkast i arbeidet med å busette vanskelegstilte ungdommar. Dette er eit tema frå oppstart til avslutning av tiltaket. Før oppstart kartlegg DUE ungdommane og hjelper dei med å beskrive kva målsettingar dei har for tiltaket. Dette kan til dømes vere å bu i ein viss bydel, hjelp til å lage budsjett eller støttesamtalar om vanskelege tema i livet som einsemd, forhold til familie eller rus.

Vidare får ungdommane kome med ønske om kven som kan vere koordinator. Nokre gonger er kjønn viktig, andre gonger kan alder, formalkompetanse eller interesseområde vere avgjerande faktorar for eit tillitsfullt samarbeid. Tiltaket har tilsette med ulike språk, til dømes arabisk, oromo, portugisisk, spansk, tysk og russisk. I bustadsøkinga vert ungdommane sine preferansar (område/plassering) lagde vekt på, fordi erfaring viser at moglegheit til å påverke bustadval gir eigarskap og betre føresetnader for å behalde bustaden over tid.

Etter oppstart av tiltaket vert det lagt vekt på å ha evalueringsmøte kvar tredje månad saman med dei som har søkt ungdommane inn i DUE. Her blir måla i tiltaksplanen til ungdommen evaluerte, og dei får moglegheit til å kome med ønske for vidare mål.

Kvar fjerde månad får ungdommane moglegheit til å svare på eit samarbeidsskjema med tilbakemeldingar til DUE-tiltaket om kva dei er nøgde med og eventuelle ønskte endringar. Ungdommane har i tillegg moglegheit til å lese journalar og medverke i rapportar som blir sende til innsøkande instans kvar fjerde månad. Tiltaket har hatt ein erfaringskonsulent tilsett i 100 prosent stilling sidan 2020.

Erfaringar frå prosessen

Ein viktig suksessfaktor er at DUE-koordinatoren har tett kontakt med huseigar, særleg i situasjonar der ungdom har dårleg buevne. Det er alltid ungdommen som skriv kontrakt med huseigar og står ansvarleg for leigeforholdet. Dette er huseigar klar over. Det gir tryggleik for huseigar at ungdommen har med seg ein DUE-koordinator som rettleier og hjelper med å lære å bu. I dei fleste tilfella samtykker ungdommen til at huseigar og DUE-koordinator kan ha ein open dialog. Dette førebygger problem.

Huseigar vil ofte leige ut bustader til ungdom som har ein DUE-koordinator, også i tilfelle der ungdom må flytte på grunn av brot på husleigekontrakt. Ei årsak kan være god kommunikasjon med huseigar og tydeleg ansvarsdeling mellom Nav, DUE og huseigar. Nav stiller i mange tilfelle med depositumsgaranti. I situasjonar der ungdommen ikkje har kontroll på eigen økonomi, sørger DUE-koordinatoren for at Nav betaler husleige direkte til huseigar, til ungdommen sjølv har fått kontroll.

Andre viktige suksessfaktorar er:

Finansiering

Lenker

DUE, eit bu- og nærmiljøtiltak for ungdom (bergen.kommune.no)

DUE Metodehåndbok (PDF) (bergen.kommune.no)

Der Ungdommen Er (statsforvaltaren.no)

Vidareføring av arbeidet

Tiltaket har vore ein del av Utekontakten i Bergen si ordinære drift sidan 2008.