Nødvendig for nokon, bra for alle

Universell utforming handlar om å skape eit meir inkluderande samfunn. Det skal ikkje vere spesialtilpassing til enkeltpersonar eller grupper, men løysingar som sikrar god tilgjenge og er brukande for alle. Les meir om bilaget og last det ned her

Eit universelt utforma bygg er ikkje berre lett å bevege seg og orientere seg i, men også sunt å opphalde seg i. Ein stor del av befolkninga har til dømes luftvegsproblem og andre helseplagar som kan komme av dårleg inneklima. Det er viktig å planleggja med universell utforming heilt frå starten, slik at løysingane vert så gode som mogleg. Husbanken ynskjer å bidra til tverrfagleg samarbeid om planlegging og bygging av bustader.

På desse sidene finn du råd om innvendige forbetringar av bustader og andre bygnader, samt informasjon om universelt utforma uteområde. I tillegg finn du informasjon om krava til universell utforming i lovar, forskrifter og retningslinjene for husbanklån. Sidene vil verte vidare utvikla i samarbeid med andre offentlege etatar, forskingsmiljø og byggebransjen.