Nytt bustadprosjekt med satsing på velferdsteknologi

Husbanken har vore pådrivar for å få til eit pilotprosjekt der ordinære bustader kan ta i bruk framtidig teknologi, som gjer at vi kan bu heime lenger. ByBo AS' prosjekt på Bjerknes Plass i Bergen realiserer dette, med støtte frå Husbanken.

Bustadprosjektet består av 108 bustader som er tilrettelagt for tekniske løysingar innanfor velferdsteknologi, ein såkalla «velferdsteknologisk basisinstallasjon» open for kommunikasjon over internett. 21 leilegheiter er klar til innflytting.

  1. Demonstrerar teknologien: Tor Sætrang (til høgre) frå Fornebu Consulting demonstrerar ovanfor kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner korleis leilegheita kan styrast med eit nettbrett.  Foto: Husbanken. 
  2. Kjetil Helland i visningsleilegheitaUtbyggar og installatør: Administrerande direktør i ByBo AS, Kjetil Helland (til høgre), saman med el-installatør Robin Nordvik i visningsleilegheita på Bjerknes Plass. Foto: Husbanken.

Prosjektet er to-delt: ei visningsleilegheit, som er utstyrt etter nærare spesifikasjon og tidsutrekning. Del to er dei ordinære bustadane, som i tillegg til ein grunnpakke, gir høve til å setje bustaden i «dvalemodus», dvs. gje bebuaren høve til å bestille/knytte seg opp mot ulike tenester etter behov.

Leilegheitene er bygd som lågenergibustader og det er lagt stor vekt på universell utforming. Dette medfører at ein enkelt skal kunne oppgradere bustadane til å støtte behov for ulike tenester, her under omsorgstenester, basert på ei «smarthusløysing» som alt er installert. Prosjektet vil bli ferdigstilt august 2014.

Visningsleilegheit skal demonstrere teknologien

Visningsleilegheita på ca. 90 m2, vil i ein periode vere open for synfaring for bebuarane på Bjerknes Plass, fagpersonar, samt for folk flest. Den vil fungere som ein illustrasjonsheim, utstyrt med tekniske installasjona, som viser ulike helsemessige løysingar og komfortløysingar. Dette inneber styring av fleire funksjonar i bustaden, som for eksempel lys, varme og ulike elektriske installasjonar, og også samhandling med dei som leverer heimebasert omsorg.

Blant anna er det installert sensor for å opne/lukka verandadør, fuktsensor på kjøkken, sensor i seng som utløyser alarm ved fråvær lenger enn førehandsprogrammert tid, tidsbrytar på kaffitraktar og vern mot overoppheita komfyr.

Saman med dei lokale prosjektpartnarane blir det lagt opp til eit variert visningsprogram dei neste 12 månadene. Innhaldet og tenestetilbodet i illustrasjonsbustaden skal også utvidast gjennom første kvartal av 2014, i tråd med dei lærings- og tenesteambisjonane som partnarane har.

Kompetansebygging mellom lokale aktørar og høgskular

Bustadprosjektet på Bjerknes Plass er eit partnarskap mellom offentlege og private leverandører av løysningar og tenester som skal prøvast ut. Det er etablert eit samarbeid mellom ByBo AS, Husbanken, Bergen kommune ved utviklingssentret for sjukeheimar og heimetenester i Hordaland og Orange Helse AS. Fornebu Consulting er engasjert av ByBo for prosjektleiarskap og - fasilitering.

Kjell Hansen Elektro AS er byggeprosjektet sin valde elektroinstallatør og er ein aktiv kunnskapspartnar for velferdsteknologidelen og den framtidige realiseringa av dette miljøet. Det same gjeld Canal Digital/Telenor, som leverandør av høg-hastigheit fibersamband, og BKK som leverandør av fjernvarme.

I prosjektet er det også innleia samarbeid med Høgskolen i Bergen for å styrke den faglege refleksjonen av løysningane og sikre uavhengige ressursar i evaluering av prosjektet. I tillegg skriv studentar ved Høgskolen Stord/Haugesund masteroppgåver om Bjerknes Plass.

Gjennom dette prosjektet vil ein kunne utvikle meir kunnskap, når det gjeld nye måtar å levere offentlege og private velferds- og omsorgstenester i vanlege bustadar i eit lokalmiljø.

Les om Jan Tore Sanners åpning av visningsleiligheten på Bjerknes Plass