Standard for universell utforming

Nye standardar for universell utforming av bustader og arbeids- og publikumsbygningar vil heve den generelle kvaliteten på norske bygg. Dei er utvikla i samarbeid mellom Husbanken, Standard Norge, byggenæringa og ulike interessegrupper.

Arbeidet starta i 2005 og har resultert i to standardar:

NS 11001 Universell utforming av byggverk, del 1 Arbeids- og publikumsbygningar

NS 11001 Universell utforming av byggverk, del 2 Boliger.

           
I praksis medfører standardane at alle bygg skal vere utforma, slik at flest mogleg skal ha tilgang til bygga utan behov for særløysingar.

Gode hjelpemiddel
- Dette er gode hjelpemiddel for å gje alle tilgjenge til viktige bygningar, sa kommunalminister Liv Signe Navarsete, under lanseringa av standarden våren 2010. At dei er på plass, er i seg sjølv eit verkemiddel for å auke kunnskapen om emnet i byggjenæringa, understreka ho.

Dei nye standardane blir viktige verktøy for prosjekterande, oppdragsorganisasjonar og eigedomsforvaltarar. Dei spesifiserer krav til både produkt, bygningar, omgjevnader og tenester. Standard Norge arbeider også med ein eigen standard for universell utforming av uteområde. Den skal etter planen vere ferdig ved årsskiftet 2010/2011 og vil mellom anna omfatte parkar, badeplassar, friluftsområde og leikeplassar.

Det har vore tidkrevjande å utvikle ein standard, som skulle ta omsyn til mange interessefelt, som ein veit for lite om til å kunne ta med i standarden. Dette gjeld særleg syn og hørsel. Samstundes har arbeidet sett fokus på nokre felt der interessene er motstridande. Det har ført til at noko, som kan vere bra for éi gruppe må utelatast, for ikkje å skape problem for andre, seier Aina Tjosås, Husbanken Region vest.

Standarden speglar dagens kunnskapsnivået. Den er detaljert på nokre område og meir ”omtrentleg" på andre. Det er derfor viktig å sjå på den som ei førsteutgåve.

Forenklar byggeprosessen
Roar Sand i Husbanken Region aust poengterer at dei nye standardane vil ha stor praktisk verdi for byggebransjen og for utbyggjarane. 

– Dette medfører ei forenkling av heile bestillingsprosessen i byggeprosjekt. Byggeherrar, som til dømes ein kommune, kan heretter tinge bygg etter gjeldande standard, noko som vil redusere risiko for feiltingingar. Dei nye standardane vil også vere tidesbesparande i planleggingsfasen. Eit klart regelverk gjer detaljplanlegging unødvendig, seier han.

Begrep eller strategi?

Sjølve uttrykket universell utforming har ulike nemningar i ulike land. På engelsk heiter det til dømes universal design. I Noreg har det lenge blitt forstått som ein strategi, før det no altså er etablert som ein standard. Den er etter kvart blitt etterspurt, fordi folk har vore usikre på kva krav og reglar som gjeld.

- Ein standard løyser ikkje alle utfordringar omkring universell utforming. Den seier noko om konkrete forhold, der det er vedteke å byggje etter prinsippa for universell utforming. I praksis tyder det at dersom ein ønskjer at vegen fram til eit bygg skal vere universelt utforma, seier standarden korleis dette konkret kan gjerast med omsyn til bredde, overflate/dekkje, tverrfall osv. Standarden løyser ikkje dei overordna planmessige grepa som sikrar gode terrengtilpassingar, trafikkløysingar og soltilhøve. Den er eit hjelpemiddel i planlegginga, men kan aldri erstatte god planlegging, legg Aina Tjosås til.

Første generasjon

Krav til tilgjenge er skjerpa i den nye plan- og bygningslova, som tok til å gjelde frå 1. juli 2010. Alle arbeidsbygg og publikumsbygg skal no oppfylle krava til universell utforming. Sidan dette er første generasjon standardar på dette området, inneheld dei også ein del grunnlagsinformasjon for å auke forståinga for emne som syn, hørsel, rørsle, orientering og miljø. Dei inneheld også konkrete krav og tilrådingar. Dette gjeld først og fremst løysingar i bygningar, men omfattar også løysingar for parkering/tilkomst til bygning. Det er Standard Noreg som har ansvar for utvikling av standardane, men arbeidet med å få dei på plass er utført av ein breitt samansett komité med representantar frå Sosial- og helsedirektoratet ved Deltasenteret, Statens Bygningstekniske etat (BE), Oslo kommune ved Undervisningsbygg, Universitetet for biovitenskap, Husbanken, Statsbygg, Boligprodusentene, Norske Arkitekters Landsforbund og interesseorganisasjonene FFO og SAFO.

For Husbanken har arbeidet vore svært nyttig med tanke på å utvikle kontoret sin fagkompetanse, som ein vil kunne trekkje vekslar på ved revidering av eigen rettleiar. Samstundes har samarbeidet gitt god kontakt med andre sentrale aktørar, som det er viktig for Husbanken å samarbeida med.

Banebrytande samarbeid

Arbeidet med utforming av standardane for universell utforming av byggverk har vore tidkrevjande, sidan det har vore naudsynt med grundige drøftingar av både terminologi og konkrete løysingar. Slik sett har komitéarbeidet vore banebrytande. Sidan dette er første generasjons standardar for ein ny strategisk tenkemåte, må ein rekne med endringar etter kvart som kunnskapsnivået aukar. Standarden NS11001 representerer såleis dagens kunnskaps- og kompetansenivå, der ein har tatt eit langt steg framover mot eit samfunn, som er tilgjengeleg for alle.

Skjerpar krava
Dei nye standardane kjem i forkant av skjerpa krav om tilgjenge i den nye plan- og bygningslova. Her heiter det mellom anna at både arbeidsbygg og publikumsbygg skal vere universelt utforma.

 

Revidert 10.08.2010