Universell utforming ved Bergen Arkitektskole (BAS)

Skulen fokuserer på universell utforming som arkitektonisk omgrep, metode, strategi og mulegheit, som strekker seg forbi byggtekniske spesifikasjonar og målkrav.

Studenter ved Bergen arkitektskole
Studentane endrar "lydskapet" i rommet ved bruk av ulike material. Her ved gamle malingsspann. Foto: Christina Skancke Sørheim/ Husbanken.
I løpet av hausten 2009 oppretta Bergen Arkitekt Skole (BAS) ein 50 % professorstilling i universell utforming. Arkitekt og seniorforsker Camilla Ryhl er annsatt i denne stillinga.

Universell utforming er tatt inn som ein del av prosjekteringa i eksisterande studieplan. I tillegg vert det det lagt opp til fellesforelesningar, diskusjonar og workshops der elevane jobbar på tvers av klassetrinna. Camilla Ryhl seier at uu fortsatt vert definert ut frå tekniske hjelpemidlar og ikkje ut frå menneska sitt sanseapparat. Det er lett for å fokusere på tekniske løysingar i staden for å sjå på universell utforming som eit dynamisk konsept, design for menneskeleg mangfold.  Dette ønskjer Bergen Arkitekt Skole å diskutere vidare.

På fellesforelesningane har ein førelesarar med ulik erfaring og tilnærming til universell utforming. I etterkant av forelesningane jobbar  studentane med aktuelle problemstillingar, mellom anna med lyd som potensial for å forstå og oppfatta eit rom. Dei utforskar tilgjenge og sosialt samspel innanfor ramma universell utforming gjennom teikning, og dei diskuterer byfornying i lys av universell utforming og menneskeleg mangfold, og kva type verktøy ein arkitekt treng for å laga god universell utforma arkitektur.  Studentane tar med seg erfaringane frå workshoppane inn i prosjekteringa framover. Det er viktig at tilgjengjenge vert sett i ein større samanheng der studentane ser at universell utforming kan vera med på å gjera arkitekturen meir spennande.

Studenter registrerer lyd i ulike deler av rommet. Foto: Christina Skancke Sørheim/ Husbanken.