Arkitekt- og designhøyskolen i Oslo (AHO)

Ved Arkitekt- og designhøgskolen i Oslo (AHO) har studentane arbeida med universell utforming på ein workshop der dei utforskar lyd i ulike rom gjennom arbeid i full skala.

Barnehagebarn på vandring gjennom utstillinga "Perceptual layers". Foto: AHO

Skolen har fått støtte av Universell til workshopen, som vert sett på som eit verkemiddel i ein større satsing. For personar med nedsatt syn eller hørsel er dei akustiske forholda i eit rom viktig. Studentane bygde rom med ulike akustiske kvalitetar ved hjelp av romformer, storleik og materiale.

For å dokumentere korleis romma fungerte for menneskjer med ulike funskjonshemmingar på lyd og hørsel, målte studentane etterklangstid og gjennomførte lydopptak. Romma vart bygd som ein utstilling der publikum vart invitert til ein vandring gjennom dei ulike romsonene. Ein del av romma vart bygd som rampe for at utstillinga skulle vere tilgjengeleg for alle.

Mjuke flatar absorberer lydane og klangen i rommet. Foto: AHO.