Universell utforming i arkitektutdanninga

For at arkitektstanden skal få inn universell utforming som ein basistanke i arkitektgjerninga må undervisningsinstitusjonane komme på bana.

Regjeringa har som mål at Noreg skal vera universelt utforma innan 2025. Dette har Husbanken jobba med i fleire år gjennom blant anna «Informasjonsprogrammet». «Informasjonsprogrammet» skal bidra til at folk vert medveten om universell utforming som kvalitet. Husbanken ynskjer at alle arkitekt- og ingeniørhøgskular skal ha universell utforming som integrert del av undervisninga.

I miljøverndepartementet  sin offisielle  omgrepsavklaring av universell utforming heiter det at: ”Universell utforming er utforming av produkter og omgivelser på en slik måte at de kan brukes av alle mennesker, i så stor utstrekning som mulig, uten behov for tilpassing og en spesiell utforming.”

Universell utforming har i stor grad handla om lover, forskrifter, stigningsgrad på ramper, snusirkel og ledelinjer. Husbanken ønskjer at ein får ein breiare forståing av omgrepet universell utforming, der ein endrar fokus frå tekniske løysingar for den enkelte, til å skape løysingar som er betre for alle.

10 - strenge krav til universell utforming

I 2010 sa Kjetil Knarlag i Universell til Arkitektnytt.no at det vert undervist for lite og for usystematisk i universell utforming i arkitekturutdanninga. Universell er etablert av kunnskapsdepartementet, og er pådriver for å få kompetanseheving om universell utforming inn i høgre utdanning. 

Sommaren 2010 kom det ny teknisk forskrift med strenge krav til universell utforming. Arkitektane kan koma på etterskot når det gjeld å møta samfunnet sine krav på området, meiner Knarlag og oppfordra arkitektmiljøa til handling. Bergen Arkitektskole var først ute med å oppretta eit 50 prosents professorat i universell utforming. No følgjer NTNU etter og har oppretta ein 20 prosent stilling. Knarlag refererer også til et nyetablert nettverk der blant andre NTNU, SINTEF og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo er med.

Utdanningsinstitusjonane viktig for å løfte universell utforming

I ein utdanningssituasjon har studentane tid, høve og engasjement til å utforske, prøve seg fram, reflektere, sanse og erfare. Universell utforming bør bli ein av premissane når studentane skal utvikle god forståing for korleis vi vert påverka av våre omgivnader. Det er viktig å få ein diskusjon kring kva ein legg i universell utforming og korleis dette skal bli ein del av prosjekteringa for våre komande arkitektar.

Utdanningsinstitusjonane kan vera med på å løfte universell utforming til eit nytt nivå gjennom teoretisk diskusjon og forskning. Universell utforming bør implementerast i fleire relevante fagområde, som analysearbeid, byplanlegging, teknologi/konstruksjon og design/arkitektur.  Det er  viktig at morgondagens arkitektar legg universell utforming inn som ein av premissane for prosjektering.

 

Husbanken har gitt støtte til både Bergen Arkitektskole og arkitektutdanninga ved NTNU medan AHO har fått støtte frå Universell. BAS har kome lengst når det gjeld å inkludere universell utforming i sine studieplanar.  NTNU og AHO er meir i startgropa, sjølv om begge har hatt stipendiatstillingar i ei årrekkje.  Arkitektutdanningane er no i ferd med å implementere  universell utforming i den generelle studieplanen. Utviklinga går i retning av å løfte uu til eit nivå som handlar om eit meir inkluderande samfunn for oss alle og ikkje spesialtilpassing for den enkelte.  

Arkitektutdanninga ved Bergen Arkitektskolen 

Skulen fokuserer på universell utforming som arkitektonisk omgrep, metode, strategi og mogelegheit, som strekker seg forbi byggtekniske spesifikasjonar og målkrav. Les meir om universell utforming i  arkitektutdanninga ved BAS.

Arkitektutdanninga ved Arkitektur- og designhøyskolen i Oslo (AHO)

Ved Arkitekt- og designhøgskolen i Oslo (AHO) har studentane arbeida med universell utforming på ein workshop der dei utforskar lyd i ulike rom gjennom arbeid i full skala. Les meir om universell utforming i arkitektutdanninga ved AHO.

Arkitektutdanninga ved Noregs teknisk-naturvitenskaplige universitet (NTNU))

Frå årsskiftet 2010-2011 vart Karin Høyland ansatt i ein 20 prosent stilling i universell utforming ved Noregs Teknisk-Naturvitenskaplige Universitet (NTNU). Universell utforming skal bli ein integrert del av den generelle undervisninga, med temaførelesningar.

 

Workshop ved BAS. Foto: Christina Skancke Sørheim