Mennesket sin relasjon til arkitektur

Universell utforming blir ofte definert i tilknyting til funksjonshemming og detaljbehov som snuradius, rampar og breie dørar. Arkitekt Camilla Ryhl meiner vår forståing av omgrepet er basert på hjelpemidlar, og ikkje på mennesket sitt sanseapparat.

Mennesket i relasjon til bygget

Professor i universell utforming ved Bergen Arkitektskule, Camilla Ryhl har skrive ei Ph.d avhandling om universell utforming med særskilt vekt på syns-og hørselshemming. Avhandlinga hennar frå 2003, Sansernes Bolig, undersøkjer korleis sanseleg funksjonsnedsetting set særskilde krav til arkitektur. Universell utforming blir ofte forbunde med bevegelseshemma, og Ryhls perspektiv bidreg dermed til ei breiare forståing av omgrepet.

Arkitekt og professor i universell utforming, Camilla Ryhl er oppteken av vår sanselege forståing av arkitektur. Foto: Camilla Ryhl

Krav til dimensjonering i særlege bygnadselement er berre ein måte å tenkje universell utforming på, men omgrepet inneber også tilpassing til den sanselege opplevinga av bygg og arkitektur. Denne heilskapelege tilgangen til arkitektur og forståinga av mennesket i relasjon til bygg fokuset vekk frå differensieringa mellom funksjonshemma og ikkje-funksjonshemma.

Den amerikanske arkitekten Ron Mace definerte universell utforming på følgjande måte “The design of products and environments to be usable by all people, to the greatest extent possible, without the need for adaptation or specialized design”.

Universell utforming bør difor diskuterast som ein arkitektonisk haldning og metode, og omgrepet må vidareutviklast til ei forståing som rekk lang ut over byggtekniske spesifikasjonar og krav. Ved å retta fokus mot samanhengen mellom kropp, evne og funksjon vil vår forståing av arkitekturen utvidas, og dermed vil arkitekturen bli rikare, meir likeverdig og demokratisk, meiner Ryhl. Vi opplever og fortolkar omgivnadane våre kontinuerleg gjennom sansane våre, og Ryhl skriv:

” Vi er til stede i verden, vi bevæger os gennom, over, under og hen til vores omgivelser, vi ser,hører, føler, mærker, lukter, sidder og smager os gennom vores umiddelbare verden hver dag og hele tiden. I søvnen og når vi er våkne modtager vi i et konstant vekslende sanseintryk, der forteller os om form, størrelse, tekstur og karakter af det, vores krop er i direkte eller indirekte forbindelse med. Vores sanser hviler aldrig, synet åbner verden op til stjernehimlen og huden mærker de nærmest usynlige splinter i træets overflade. Vi er bevisste eller ubevisste til stede i sansningen. Vores krop er et aktivt redskab i processen, som når vi bevæger os op og ned ad trapper, læner os op ad solvarme mure, sætter os på kantsteine eller går gjennom døråbninger. Eller våres krop er en passiv modtager, som når brisen fra de åbne vinduer laver gennomtræk og smyger seg mot kroppen, eller når vi hører den klaprende dør ovenpå. Vores sanser er uophørligt i spil og uløselig forbundet med vores oplevelse av rum, form og arkitektur.”

Universell utforming som haldning og metode

Universell utforming bør forståast som eit designomgrep som byggjer på ei nyare forståing av normalitetsomgrepet og grunnleggjande, klassiske arkitektoniske verdiar. Definisjonen gitt av Mace beskriv ein designvisjon og metode som har som føremål å oppnå inkluderande miljø. Eksempel på dette kan vere vektlegginga av proporsjonar og akustikk i eit rom, som så vel snuradius og breie dørar. Universell utforming handlar om å legga til rette for, og gjere tilgjengeleg for alle, og ikkje for dei få. Omgrepsdefinisjonen gitt av Mace og Ryhls perspektiv, representerer ein haldning til arkitektur som understøttar og undersøkjer fysiologisk, kulturelt og sosialt mangfald. Desse perspektiva er verdifulle og viktige å ta med seg når nye bygg skal planleggast.