UD 2012: Universell utforming på dagsorden

11.-13. juni 2012 blir den internasjonale konferansen om universell utforming, UD 2012, arrangert i Oslo. Hovudtema for den tre dagar lange konferansen er universell utforming av det offentlege rom.

Fakta om UD 2012

  • Konferansen har fått namnet Universal Design 2012 - Public space: Inspire, Challenge, and Empower (forkorta til UD 2012)
  • Vert arrangert i Lillestrøm 11.-13. juni
  • Konferansespråket er engelsk
  • Fem departement er oppdragsgjevarar for konferansen:
    Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)
    Miljøverndepartementet (MD)
    Kommunal- og regionaldepartementet (KRD)
    Samferdselsdepartementet (SD)
    Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet (FAD)
  • Deltasenteret er sekretariat 
Målgruppa for konferansen er forskarar, praktikarar, brukargrupper, næringsliv og offentlig forvaltning.

 

Ein attraktiv møteplass

Slagordet for konferansen er inspire, challenge and empower, og prosjektleiar Marianne Wahlstrøm fortel at formålet med konferansen er å skape ein attraktiv møteplass mellom forsking og praksis. - Det skal vere ein møteplass for ulike tankar og idear og arena for diskusjon. Konferansar av denne typen er viktig for å dele erfaringar og få nye perspektiv innanfor eit stort fagfelt, seier Wahlstrøm.

Meiningsutveksling og nettverksbygging er viktig for arbeidet med universell utforming. Konferansen i Oslo er den første i sitt slag i Europa. 

Stor interesse

Interessa for konferansen har gått over alle forventningar. Deltasenteret, som er sekretariat for konferansen, har motteke 220 bidrag frå 35 land verda over. På programmet står foredrag både i plenum og parallellsesjonar, workshops, synfaringar, case og symposium.

Temadagar og synfaring

Dei tre konferansedagane har fått kvar sitt tema

  • Planning for the Diversity of Tomorrow
  • Good Practice – the interplay of regulations, research and practice
  • Added Value – the benefits of mainstreaming universal design

Det leggjast opp til parallellsesjonar innanfor områda bygg, uteområde, transport og IKT, samt politikk, planlegging, lovgiving og kompetansebygging. I tillegg blir det synfaring sentralt i Oslo sentrum for å sjå eksempel knytt til transport, og til Groruddalen på for å sjå på  bygg og uteområde.

Deltakarane får og høve til å delta på synfaring til seks kommunar for å sjå korleis dei har arbeida med universell utforming lokalt. Dei seks kommunane tilhørar dei dei tretten kommunane som vart utvalt av Miljøverndepartementet som satsingskommunar innanfor universell utforming.