Trondheim med prosjekteringsverktøy for universell utforming

Prosjekteringsverktøyet er utarbeidd som ein del av hovudprosjektet ”Trondheim – ein funksjonsvennleg by” og gir rettleiing i korleis ein kan oppnå universell utforming av bustader.

Prosjekteringsverktøyet har tittelen ”Universell utforming – flerleilighetsbygg”. Trondheim kommune har vedtatt at minst 50 % av bueiningane i alle nye fleirleilegheitsbygg skal vere universelt utforma, og rettleiaren er særleg aktuell ved prosjektering av bustader i slike bygg. Eldrebølgja gjer det ekstra viktig å planlegge universelt utforma bustader.

Fleirleilegheitsbygg er horisontaldelte bustadbygg med to eller fleire bustader over kvarandre. Prosjekteringsverktøyet tar utgangspunkt i Teknisk forskrift til plan- og bygningslova (), som er funksjonsbasert og seier lite om utforming av bustader. Prosjekteringsverktøyet er ei systematisering av , kapittel 10.