Stord: Frukostmøte - Godt å bu heime - uansett og alltid?

Start: 13. mars 2018 08:15
Slutt: 13. mars 2018 11:15
Sted: Stord - kommunestyresalen
Pris: Gratis
Påmeldingsfrist: 10. mars 2018 16:00

I samband med prosjekt «Godt å bu heime» inviterer Stord kommune til frukostmøte med og for firma innan bygg- og anlegg, arkitektar og andre innan bransjen.

Bakgrunn for prosjekt «Godt å bu heime» er eit ynskje om at fleire skal ha ein bustad som gjer at dei kan bu der uavhengig av livssituasjon. Med prosjekt «Godt å bu heime» vil ein informere og gje råd til innbyggjarar, unge og eldre, om at det er lurt å tenkje at dei skal kunne bu i huset sitt heile livet om dei ynskjer det. Det er ikkje greitt å måtte flytte ut av heimen fordi det har skjedd ein skade eller ein vert råka av sjukdom.

Program

Einingsleiar Kristin Steinsland leiar frukostmøte.

  • 08:15 – 08:30   Frukost og prat
  • 08:30 – 08:45  Cecilie Anna syng frå sin siste plate
    Prosjekt Godt å bu heime, ved Nils Tore Økland, Leiar Komité for rehabilitering, helse og omsorg 
  • 08:45 – 09:45  Bustad for framtida – funksjonell, tilgjengelig og estetisk, ved seniorrådgjevar og sivilarkitekt i Husbanken Tina Therese Larsen 
  • 09:45 – 10:00  Meir kaffi og prat 
  • 10:00 – 10:30  Eit godt landskap å bu i, ved arkitekt Jo Kjetil Nilsen
  • 10:30 – 11:00  Funksjonshjemmet, ved  Gunhild Bottolfsen, brukarkonsulent
  • 11.00 – 11.15 Vegen vidare, ved  prosjektleiar Astrid Larsen