Sporen burettslag: Etterinstallert heis ein suksess

Husbanken sitt heistilskot på 1 million kroner var svært viktig med tanke på å få etterstallert heis i Sporen burettslag i Boganesveien i Stavanger, fortel styreleiar Inger Amdal.

Burettslaget sine to bygningar vart ført opp i 1987 og heisane etterinstallert i 2009. I dag er dei ein naturleg del av bygningane, men styret måtte gjennom fleire generalforsamlingar, før dei fekk med seg mange nok bebuarar. Det var først då arkitekten kom og viste fram teikningane, at dei fekk fleirtal for prosjektet (46 mot 4 røyster). Generalforsamlinga godkjende då installasjon av heisane, der installasjons- og driftskostnadene vart belasta partseigarane i 2. og 3. etasje og tillagt fellesutgiftene.

  1. Heissjaktene er ført opp i lys marmor på utsida av den eksisterande bygningskroppen og gir fin kontrast til den mørkebrune kledningen.
  2. Lyse heisar med enkel tilkomst. 
  3. Dei gamle trappene var einaste alternativ før heisane vart installert.
  4. Det er enkel tilkomst til bygget utan unødvendige tersklar.

Arkitektonisk tilpassa heissjakter

No står heisane der, to i talet og fint integrert i den gamle arkitekturen, som om dei alltid har stått der. Dei er ført opp i kvit granitt på utsida av den eksisterande bygningskroppen og står i fin kontrast til de mørkebrune trefasadane på dei to 3-etasjars bustadblokkene. Heisane er plassert midt på kvar blokk, slik at trafikken forbi leilegheitene er blitt jamt fordelt. Begge heisane har taleanlegg med båreheisstorleik og omn inne i heissjakta, slik at dei er behageleg tempererte. Den eine heisen har også utgang i begge endar.

Nøgde bebuarar

- Bebuarane er strålande nøgde i dag, understrekar styreleiar Inger Amdal, som fortel at Husbanken sitt tilskot var økonomisk avgjerande. Amdal viser rundt i eit burettslag, som er ryddig og reint både i heisane, trappene og omkring bygningane. Ein liten katt med halsband spring omkring utanfor den eine heisen og skaper liv til omgivnadene.

Det bur både eldre og unge barnefamiliar i burettslaget, der leilegheitene varierer frå 90 til 149 m2. Talet på barnefamiliane er stigande. I tillegg har Stavanger kommune også ein del leilegheiter her.

Husleiga opp 8-900 kroner
- verdien 100 000 kroner

Etterinstalleringa av heisane medførde ein husleigeauke på 8-900 kroner i månaden per leilegheit, slik at fellesutgiftene no ligg på ca 7000 kroner. Men tross auke i husleige går bebuarane sigrande ut ettersom heisinstallasjonen har medført ein verdistigning på ca 100 000 kroner per leilighet.