Sandnes kulturhus universelt utforma

Ledelinjer ved inngangen er eitt av fleire tiltak som har gjort livet enklare for blinde og svaksynte i Sandnes kommune sitt kulturhus.

Ledelinjer med kontrastfarge og tolags rekkverk gjer det enklare for rullestolbrukar Kristian Bore å kome inn. Han er saman med kultursjef Anders Neteland i Sandnes kommune ( i midten) og seniorarkitekt Oddvar Rørtveit, Husbanken Region vest.

Den karakteristiske mursteinsbygningen, som husar Sandnes kulturhus er bygd på restane av eit gamalt spinneri. Bygningen har blitt meir tilgjengeleg for fleire brukargrupper med økonomiske midlar frå mellom anna ordninga ”Fjerne 100 hindringar”.


Mange gode justeringar
Blinde og svaksynte hadde tidlegare vanskar med å finne fram til kulturhuset i kommunen, fordi det ikkje var laga ledelinjer i hellene framfor bygningen. No er desse komne på plass. Det er også lagt ned ledelinjer frå parkeringsplassane som er reservert funksjonshemma. Framfor kulturhuset er det i tillegg montert rekkverk i to høgder, slik at folk med dårlege bein lettare skal kome seg opp til inngangsdøra. Alle flisene framfor hovudinngangen er dessutan skifta ut med sklisikre fliser, fordi ein tidlegare hadde fleire alvorlege fallulykker på glatte, regnvåte fliser. Det er også lagt ned fram til inngangen og vidare inn til ekspedisjon og skranke.

- Dei mange tiltaka har gjort det mykje enklare for meg å kome meg inn og ut av kulturhuset, seier rullestolbrukar Kristian Bore, som deltok på Husbanken si synfaring. Han tykte resultatet var blitt bra, men peikte på at ristene framfor inngangsdøra var slik utforma at førarhundar for blinde ofte sette fast klørne i dei.

Justerbar skranke


Med den nye heve- og senkbare skranken kan Kristian Bore lettare få hjelp.

Den gamle skranken var vanskeleg å bruke for rullestolbrukarar og barn. Den er derfor skifta ut med ein ny i oransje kontrastfarge, der den eine halvdelen kan justerast i høgda.



Overlys og betre kontrast over inngangen til stor og liten kultursal gjer det lettare for svaksynte å sjå kvar dei skal gå.

Skilta over dørene til dei to kultursalane har dessutan fått overlys og betre kontrast. Endeleg er det montert rekkverk i to høgder i trappa ned til dei vanlege publikumstoaletta og til Storsalen.

Universell kulturhovudstad
- I samband med at Stavanger og Sandnes i 2008 var kulturhovudstad, ønskte vi å gjere kulturhuset meir tilgjengeleg for ulike brukarar, fortel kultursjef Anders Neteland til Husbanken. Han tykkjer at bygget no er blitt godt tilgjengeleg for fleire brukargrupper. Det var Rogaland fylkeskommune som i 2006 tok initiativ til å gjere ulike kulturarenaer i regionen tilgjengelege for alle.

 Opprettet: 07.09.2009 - Sist oppdatert: 10.08.2010