Universelt utforma hotell på Sola

Då det nye Rica hotellet på Sola skulle byggjast valde Avinor å kople inn eit brukarpanel for å sikra gode løysingar og universell utforming.

Rica Sola Airport hotell stod klart sommaren 2010. Hotellet er spesielt ettersom universell utforming har vore prioritert heilt frå teiknebrettet av.  Det er Avinor som er eigar, og Rica som driv hotellet, som ligg sentralt plassert like ved terminalbygget.

Ikkje dyrare
Sola Flyplass har fått kritikk frå funksjonshemma når det gjeld tilgjenge, og dette var noko av bakgrunnen for at det frå starten av var viktig for Avinor å byggje eit flyplasshotell med gode kvalitetar innanfor universell utforming. Tidlegare prosjektleiar Morten Wathne seier at det ikkje er dyrare når en universell utforming inn i ein tidleg fase av prosjekteringa, og han oppmodar til å få det med i tilbodsgrunnlaget til dei ulike entreprenørane frå starten av.
 
Brukarpanel
Panelet vart samansett av representantar frå Norges Handicapforbund, Astma-og allergiforbundet, Blindeforbundet, Eldrerådet og Hørselshemmedes Landsforbund. Krav, ynskjer og forventningar frå brukarpanelet vart tidlig teke inn i prosjekteringa. Tilbakemeldingane frå brukarpanelet vart så innlemma i kontrakten med totalentreprenøren. Brukarpanelet har også vore ein del av planlegginga av uteområde og forbetringar i terminalbygget. Wathne fortel at mellom anna dei nye flybruene er eit resultat av brukarpanelets anbefaling, dette til tross for at flyselskapa ynskjer ein anna type bru.- Her trumfet brukarpanelet gjennom, fortel Wathne.

  1. Tidlegare prosjetleiar, Morten Wathne seier at universell utforming ikkje er dyrare.
  2. Tilrettelagd resepsjonsskranke.
  3. Miljøromma er store og luftige.
  4. Morten Wathne synar som treng meir markering.

Gode løysingar
Hotellet har 188 rom, og om lag 10 % av romma er miljørom. Desse romma er større og luftigare, med snusirkel, senka brytarar og låge handtak.

Dei to nedste etasjane har parkettgolv med ledelinjer og resepsjonsdisken er tilrettelagd med ein lågare del. Heisene har taleinformasjon, senka knappar og blindeskrift.

Vindauge, glasveggar, dusjveggar og søyler er utsmykka med flyplassen sin logo for å skapa kontrast for synshemma.

Skjermar med adkomst- og avreiseinformasjon er sentralt plasserte i resepsjonen, og innan årsskiftet håper hotellet å ha innsjekkings
automatar for å gjere reisa endå enklare for sine gjester.

Invitert på synfaring
Etter opninga vart brukarpanelet invitert på synfaring og oppfølgingsmøter. Tilbakemeldingane frå panelet på løysingane har vore gode, men det er framleis rom for forbetringar. Mellom anna er det ynskje om informasjonskilt og brosjyrar på blindeskrift. Wathne fortel at tilbakemeldingane frå brukarpanelet er særs viktige og gjer at hotellet kan bli betre.

Konkurransefortrinn
Wathne håper at universell utforming kan vere eit konkurransefortrinn, og hotellet opplever allereie at fleire seminar og konferansar blir lagt til hotellet. Då vi var på besøk var hotellet fullbooka noko som synar at hotellet er populært.