Rettleiar for universell utforming av bygg for personar med astma, allergi og annen overfølsemd

Rettleiaren er utvikla av Norges Astma- og Allergiforbund som ein del av eit prosjekt for Husbanken om universell utforming.

Universell utforming av bygg for personar med astma- og allergisjukdommar eller anna overfølsemd avheng først og fremst av merksemd og kunnskap om kva som gjør bygg helsevenlege. Kunnskap og kompetanse varierer hos dei ulike aktørane i plan- og byggjebransjen.

Rettleiaren har som mål å fremme og konkretisere universelle utformingstiltak i byggeprosjekt. Det vil komme alle brukarar av offentlege bygg og bustadkompleks til gode – i tillegg til at tiltaka er viktige for personar med astma, allergi eller annen overfølsemd.

 Forside på veilederen bygg og helse    

Rettleiaren gir oversikt over aspekt som på leggjast vekt på i prosjekterings- byggje- og driftsfasa, og er delt inn  i føljande kapittel

  • Universell utforming
  • Fukt- og muggsoppskade
  • Støv, partiklar og reinhald
  • Luftskifte og ventilasjon
  • Avgassing frå material
  • Temperatur
  • Tobakksrøyk
  • Allergivenlege planter og blomster
  • Pelsdyr
  • Parfymerte produkt
  • Matallergener

 


Som eit supplement til retteleiaren er det utvikla ei nettløysing på www.byggoghelse.no som inneheld enkel og oversiktlig informasjon og nyttige sjekklister om tema.