Rampar gjer jærstrendene meir tilgjengelege

-Ved hjelp av rampar kjem rullestolbrukarar, folk med barnevogn og andre seg no lett ned til Jærstrendene. I alle fall på Hellestøstranda i Sola kommune.

Rampane er finansiert  gjennom økonomiske midlar frå tilskotsordninga” ”Fjerne 100 hindringar”.

- Sjølv om vedlikehaldet er krevjande, er erfaringane så gode at vi gjerne byggjer fleire slike rampar langs strendene. Brukarane er svært nøgde med tiltaket, fortel Hans Hodne i Jæren friluftsråd til Husbanken. Sjølv på ein overskya og vindfull haustdag med regn i lufta kan vi stadfeste at strandene er i flittig bruk.

- No kjem eg meg lett ned til stranda ved eiga hjelp, seier rullestolbrukar Kristian Bore. Her saman med Oddvar Rørtveit, Husbanken Region vest  (t. v.) og Hans Hodne i Jæren Friluftsråd.

Full rulle for alle
Både rullestolbrukarar og familiar med barnevogn kan no lett kome seg til og frå stranda på eiga hand. Heile parkeringsplassen er også renovert, der toalettet er lagt til rette for rullestolbrukarar. Den delen av turvegen som ligg på flygesand er dekt med trerampar. I enden av rampen nede på stranda er det dessutan laga ein platting på 2x8 meter, der rullestolane kan parkere. For eit par år sidan vart trerampane også supplert med rampar av plast.

- Her har brukarane fått mykje for pengane, konstaterer seniorarkitekt Oddvar Rørtveit, Husbanken Region vest, medan bølgjene rullar innover stranda og fraktebåtar glir forbi i horisonten. 

Kamp mot flygesand
Hellestøstranda er ei av mange strender i landskapsvernområdet langs Jærkysten. Strendene har alltid vore i flittig bruk, og takk vere rampane kan rørslehemma også bruke stranda. Rampane ligg jamt med terrenget, som i hovudsak består av flygesand. Dermed bles dei ikkje vekk, men bølgjene og vinden gjer at sanden likevel er i stadig rørsle. Dette har gitt friluftsrådet mykje ekstraarbeid. Dei må stadig spa fram att rampane, som gjerne kan ble nedgravne i løpet av berre ei natt. Når sesongen er over, tar ein inn rampane og lagrar dei for vinteren.

Revidert 11.06.10