Verkemiddel

Her finner du oversikt over Husbankens virkemidler for universell utforming.

Husbankens virkemiddel for universell utforming

Formidling av kompetanse og kunnskap

Husbanken skal medverke til effektiv formidling av kompetanse og kunnskap.

Oversikt over Husbankens økonomiske verkemiddel.  

Sentrale verkemiddel

Samarbeidsavtalar
Husbanken inngår samarbeidsavtalar med andre offentlige aktørar, som hovudregel kommunar og andre statlige etatar. Føremålet er auka måloppnåing gjennom erfaringsutveksling, samarbeid og samordning av statlige mål, strategiar, handlingsplanar og virkemiddel.

Intensjonsavtalar
Husbanken inngår intensjonsavtalar med viktige aktørar innanfor byggebransjen både sentralt og regionalt. Hovudføremålet med intensjonsavtaler er å etablere eit effektivt samarbeid for å nå ambisiøse mål og for å skape framsynt planlegging for bransjen. Intensjonsavtalene er gjerne retta mot ambisiøse førebileteprosjekt, kompetanseheving og kompetansespreiing.

Kompetansetilskot
Tilskotet har som føremål å bidra til å heve kompetansen om miljøvenlege og universelt utforma bustader og bygg. Tilskotet blir gitt til forskings- og utgreiingsprosjekt, utviklings- og forsøksprosjekt og til informasjonstiltak. Tilskottsutmålinga blir fastsett av Husbanken etter ei heilskapleg vurdering basert på søknadens føremål, søkars gjennomføringsevne, høve for annan finansiering og etterspørselen etter tilskotsmidlar.

Grunnlån
Husbankens grunnlån skal fremje universell utforming og gode miljøkvalitetar i nye og eksisterande bustader, finansiere bustader til vanskeligstilte og husstandar i etableringsfasen og sikre nødvendig bustadforsyning i distrikta.
Grunnlånet kan brukast til nye bustader, utbetring av bustader, til ombygging av bygningar til bustader og til kjøp av nye og brukte utleigebustader. Grunnlån kan òg gjevast til barnehagar, studentbustader og andre lokale, som grendehus og felleslokale som er ein naturlig del av bumiljøet.

Tilskot til tilstandsvurdering og prosjektering/installering av heis
Burettslag, sameige og liknande kan få tilskot frå Husbanken til tilstandsvurdering (rettleiar) og heilskapleg planlegging ved bustad- og miljøfornying. I tilstandsvurderinga skal det leggjast vekt på å auke talet tilgjengelege og brukbare bustader og uteareal for alle bebuarar (universell utforming) og høve for ei miljøvennleg rehabilitering. Det blir også lagt vekt på å greie ut gode estetiske løysingar.

To typar tilstandsvurdering:

  • Trinn I: Generell overordna vurdering som skal gjere greie for dei viktigaste, funksjonelle, miljømessige og tekniske tilhøva, og behov for utbetringar og endringar i åra som kjem.
  • Trinn II: Detaljert undersøking eller analyse av spesielle forhold som høve for universell utforming, miljø/ energitiltak og god byggeskikk.

Tilskot til omsorgsbustadar og sjukeheim
Investeringstilskotet  er ein del av Omsorgsplan 2015. Det skal stimulere kommunane til å fornye og auke tilbodet av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader til personar som har behov for heildøgns helse- og sosialtenester uavhengig av alder, diagnose eller funksjonshemming.

Rettleiar til søknadsprosessen og bruken av tilskotet

Tilskot til bustad-, by- og områdeutvikling
Bumiljøtilskotet skal stimulere til igangsetting av tiltak som ikkje ville blitt igangsett utan dette tilskotet. Tiltaka som det søkes om midlar til, må alle ha som føremål å utvikle gode bustader og bumiljø. Tilskotet er øyremerka Groruddalen i Oslo.

Tilskot til utleigebustader
Kommunar og andre juridiske personar kan søke om tilskot til oppføring eller kjøp av utleiebustader til husstandar med svak økonomi. Tiltak for bustadlause skal prioriterast.

Bustadtilskot til enkeltpersonar
Storleiken på tilskotet gis ut frå ein heilskapleg vurdering av behov og økonomisk støtte frå andre offentlige støtteordningar. 

* Tilskot til utgreiing og prosjektering 
   Tilskotet kan dekke kostnader til fagleg bistand ved utgreiing og prosjektering når bustaden må tilpassast slik at personar med særlege behov skal kunne bu der. Meir informasjon finn du på baksida av søknadsskjema.
* Tilskot til tilpassing 
   Tilskotet skal medverke til å gjere bustaden tilgjengeleg for eldre og personar med nedsett funksjonsevne. 
* Tilskot til etablering
   Tilskotet skal medverke til at husstandar med svak økonomi skal få ein nøktern og godt egna bustad.