Skei: Samling Prosjekt Bustadtilpassing for kommunar i Sogn og Fjordane

Start: 27. oktober 2015 10:00
Slutt: 27. oktober 2015 15:30
Sted: Thon Hotel, Jølster. Registrering frå klokka 09:30
Pris: Arrangementet er gratis. Reisekostnader for den enkelte tilkommer
Påmeldingsfrist: 19. oktober 2015 16:00

Tilgjengelege bustader og universelt utforma omgjevnader er bra for alle, og særleg for eldre og personar med ulike funksjonshemmingar. Levealder og tal eldre stig, og samhandlingsreforma legg opp til at funksjonshemma og eldre skal bu heime så lenge som mogleg.

I dag er berre ca. 10% av bustadmassen tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Behovet for fleire tilgjengelege bustadar er stort.

Målgruppe for samlinga

Dei kommunale  bustadrådgjevingsgruppene som består av  sakshandsamar for Husbanken sine økonomiske verkemiddel, person ved teknisk etat i kommunen og ergo -og fysioterapeutar. Kommunar utan etablert gruppe er velkomne med tilsvarande fagpersonar.

Påmelding via NAV sine heimesider

Innhald

Samlinga sikte på å vere ein arena for å utveksle erfaringar, drøfte løysingar, og sjå eksempel på gode løysingar for å betre tilkomsten til privat bustad . Kvar kommune vert oppfordra til å ta med ei konkret bustadsak for drøfting i gruppe med fleire. Saka treng ikkje vere ferdig løyst!
Ver venleg å ta kontakt med Hjelpemiddelsentralen før kurset for å drøfte aktuelle kasus for gruppearbeidet. 

God samordning og bruk av statlege verkemiddel

Når ein person treng å tilrettelegge bustaden sin med hjelpemiddel og ombygging må ofte fleire etatar inn i bildet, både for å greie ut moglege løysingar og seinare ved tilpassinga. Kommunane som har bustadrådgjevingsgrupper og eit godt samarbeid med ergoterapeut/fysioterapeut og NAV Hjelpemiddelsentral, får ofte til dei beste løysingane.

NAV Hjelpemiddelsentral + Husbanken = Sant 

NAV Hjelpemiddelsentral og Husbanken har samarbeidsavtalar og samarbeider godt. Målet er at verkemidla partane forvaltar blir koordinerte til beste for brukarane. Eit mål er samordning og organisering av bustadtenestene for eldre og funksjonshemma, gjennom informasjonsarbeid og avtalar med kommunen. 

bustadtilpassing logo