Første samling i nettverket «Planar og tiltak for eit aldrande samfunn»
Start: 29. oktober 2019 09:00
Slutt: 29. oktober 2019 15:00
Sted: Volda kommune, rådhuset
Pris:
Påmeldingsfrist: 24. oktober 2019 15:00
Husbanken, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal Fylkeskommune inviterer til første samling i nettverket «Planar og tiltak for eit aldrande samfunn».
Vi viser til brev av 5. juli frå partane med invitasjon til å bli med i nettverket, og positive svar frå kommunane.
Vi ber kommunane førebu innlegg til å presentere kommunens planar på bustadområdet og samstundes presentere kva som er utfordringane for å lukkast med gjennomføring av arbeidet. På samlinga legg vi opp til faglege innlegg frå kommunane, Fylkesmannen, Husbanken og Fylkeskommunen. Vi ønsker at kommunane deltek med rådmann, leiing innanfor plan, helse- og omsorg, og med personar som har ansvar for det bustadsosiale feltet i kommunen.
Førebels program:
09.00 – 09.30 Bakgrunn for samlinga v/Husbanken
09.30 Innlegg frå kommunane i nettverket
- Kva er bustadplanane, og kort om utfordringane for å lukkast - Ulstein
- Kva er bustadplanane og kort om utfordringane for å lukkast - Ørsta
- Kva er bustadplanane og kort om utfordringane for å lukkast - Volda
10.15 Pause
10.30 Statistikk – MR fylkeskommune – kva er utfordringane i kommunane?
11.00 Forventingar til kommunal planlegging v/Fylkesmannen – ansvar og handlingsrom i plan- og bygningslova – rullering av kommunale planar
11.30 Lunsj
12.15 Ein gjennomgang av forsking frå NOVA på området.
13.00 Pause
13.15 Workshop –
Nye tankar på bordet: Bustadpolitikk i framtida i Ørsta, Volda og Ulstein – fem grep for ein bustadpolitikk i tråd med framtidige behov
14.00 Gjennomgang i plenum
14.30 Kartlegging av bustadbehov, bustadpreferansar og status i eksisterande bustadmasse. Informasjon om oppgåver til neste samling.
Sist oppdatert:
24.09.2019