Oslo - Praktisk seminar om å installere heis i eksisterande bustadbygg

Start: 21. juni 2016 08:30
Slutt: 21. juni 2016 14:30
Sted: Oslo - Universell Utforming AS, Torggata 2, 0181 Oslo
Pris: Kroner 800 + mva (inklusive lunsj)
Påmeldingsfrist: 10. juni 2016 00:00

Rådgivningsselskapet Universell Utforming AS inviterer i samarbeid med Husbanken til Praktisk seminar om heis med foredrag, case og befaring.

Målgruppe

Arkitektar, kommunale planleggarar og byggesaksbehandlarar, byggherrar, entreprenørar, representanter frå brukerorganisasjonar og kommunale råd for menneske med nedsett funksjonsevne og andre interesserte.

Her kan du få svar på spørsmål som

  • Korleis startar vi opp?
  • Korleis får vi til ein god prosess?
  • Korleis får vi til eit godt resultat, både estetisk, økonomisk og helsemessig?
  • Kva må vi gjere for å sikre tilgjengelegheita til bustaden?
  • Er det økonomisk lønsamt å installere heis i eksisterande leilegheitsbygg?

Case i programmet er Oscars gate 82 i Oslo

Oscars gate 82 ligg på Frogner i Oslo. dette leilegheitsbygget er frå 1800-tallt, har fem etasjer og er på riksantikvaren si gule liste. På grunn av dette var det ikkje mogeleg å installere heis frå utsida og det viste seg at krava om universell utforming skulle bli vanskeleg å tilfredsstille. Løysinga blei ein heis med sjakt ned gjennom taket via eit gamalt og slitt takvindauge.
Sameige har fått støtte til forprosjekt og til gjennomføring av prosjektet frå Husbanken, samt støtte frå Velferdsetaten. 

Program og påmelding 

Kaffe og påmelding frå kl. 08.30. Sjølve programmet startar kl. 09.00. Meir oppdatert informasjon finn du i lenken over.