Kva meiner vi med orienteringshemming?

Kva meiner vi med orienteringshemmingar? Kva behov har personar med orienteringshemming?

Vi deler orienteringshemmingar inn i tre typar:

  • Synshemmingar
  • Hørselshemmingar
  • (problem med forståing)

Det er ein ganske stor del av folkemengda som har svekka syn og hørsel. Det å ha problem med å forstå omgjevnadene gjeld i særskilt grad demente, men generelt vil barn og folk som er ukjende på staden ha behov for at omgjevnadene kan lesast intuitivt. Ved akuttsituasjonar som til dømes brann er det særskilt viktig at det er enkelt å orientere seg.

Husbanken legg generelt vekt på tiltak som betrar orienteringa for alle. Skal ein gjere bustaden fullgod for blinde, døve eller demente må ein til med spesialtilpassingar.

Nedanfor er nokre tiltak for ulike grupper.

Svaksynte:

  • Tydeleg og godt belyst skilting
  • Informasjon som kan både bli høyrt og lest
  • Kontrastfargar
  • Leielinjer
  • Stor og lesbar tekst
  • Høgt lysnivå

Blinde:

  • Følbare leielinjer som gir retning og retningsskrift
  • Frie ganglinjer
  • Handlister
  • Lydsignal
  • Informasjon med følbar relieffskrift, evt. punktskrift
  • Publikasjonar på lydband
  • Generell informasjon supplert med tale
  • Skilt med talesyntese
  • Gode akustiske forhold

Hørselshemma:

  • Gode lysforhold
  • God visuell informasjon
  • Gode akustiske forhold
  • Minimering av bakgrunnsstøy
  • Mogeleg å bruke personleg lydanlegg
  • Alle mikrofonanlegg knytt til teleslynge

Døve:

  • Gode lysforhold
  • God visuell informasjon supplert med symbol
  • Viktig informasjon skal kunne bli sett
  • Kommunikasjon på teiknspråk og ved munnavlesing
  • God belysning i samband med munnavlesing
  • Mogelegheit for å nytte teiknspråk eller teleskjerm


Ved lettare problem med forståing:

  • Klar og enkel romfordeling og innreiing
  • Enkel og intuitiv bruk av produkt, bygg m.m.
  • Leielinjer med fargar
  • Tydeleg informasjon
  • Viktig informasjon supplert med symbol
  • Tekst supplert med teikningar  eller symbol
  • Mogeleg å få hjelp av personale
  • Lett å identifisere personale


Ved store problem med forståing:

  • Klar og enkel romfordeling og innreiing
  • Enkel og intuitiv bruk av produkt, bygg m.m.
  • Mogeleg å få hjelp av personale
  • Lett å identifisere personale
  • Sanselege objekt å orientere etter
  • Trygg og roande innreiing