Kompetanseprogram for universell utforming

Kompetanseprogrammet K5 inngår som eit tiltak i Regjeringas handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelegheit 2009-2013, "Noreg universelt utforma 2025".

Den nye Plan-og bygningslova stiller nye og strengare krav til universell utforming og kompetanseprogrammet er ei god moglegheit for politikarar og tilsette i fylke og kommunar til å auke kompetansen på fagområdet. Programmet spenner frå teoretisk forståing av omgrepet universell utforming til praktisk implementering av universell utforming i planlegging av nye og eksisterande areal, både innomhus og utomhus.

Det er Høgskulen i Bergen som har utvikla programmet, som består av sju tematiske modular som kan nyttas i undervisning og opplæring, og som ei kjelde til informasjon om universell utforming. Opplæringsprogrammet er utvikla som ein webapplikasjon. Kommunal- og regionaldepartementet er programansvarleg, medan Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) er leiar for programmet. Husbanken, KS, Deltasenteret og Miljøverndepartementet er samarbeidspartnarar i gjennomføringa av programmet.

Målgruppa er politisk og administrativ leiing; kommunale og fylkeskommunale råd og utval, fageiningar med ansvar for mellom anna planlegging, byggesak, transportsystem samt eigedomsforvaltning av bustad, bygg og uteområde. Kompetanseprogrammet et bygt opp med modular med ulike tema relatert til Plan-og bygningslovens virkeområde. Her kan ein tileigna seg kunnskap om universell utforming som er særskild relevant for det ein arbeider med dagleg. Modulane er oppdelt med utgangspunkt i de ulike målgruppene, men kan med fordel nyttas i sin heilheit ettersom ein på denne måten vil tileigna seg solid og brei kunnskap om universell utforming. Det vil verte utdanna kring førti kursinstruktørar som i løpet av planperioden skal halde kurs i kommunar over heile landet.

Meir infomasjon om kompetanseprogrammet  finn du på DiBK sine heimesider