Nordisk charter for universell utforming

Ein gruppe fagfolk frå dei nordiske landa held i desse dagar på å utarbeide eit charter for universell utforming.

Charteret, som vil bli lansert under konferansen UD 2012 som går av stabelen i Oslo i juni, kan seinare danne grunnlag for eit europeisk charter for universell utforming.

Felles forståing av omgrepet

Det er Deltasenteret og Nordiska högskolan för folkhälsovetenskap (NHV) i Gøteborg som har tatt initiativ til charteret. Målet er å utarbeide eit dokument som synar dei nordiske landas status innanfor universell utforming per i dag, og danne ein felles forståing av omgrepet universell utforming, og kva det inneber

Åse Kari Haugeto, leder for Deltasenteret
Åse Kari Haugeto. Foto: Deltasenteret 

- På tross av at de nordiske samfunna har mange fellestrekk, er det ganske store forskjellar når det gjeld korleis landa arbeidar med universell utforming. Det er dette vi prøver å få oversikt over, slik at vi kan bli samde om eit charter som kan stå igjen som eit gyldig dokument etter konferansen, seier leiar av Deltasenteret og chartergruppa, Åse Kari Haugeto.

Strategi for universell utforming i Nordisk ministerråd

Arbeidet med charteret faller samen med at det skal lages ein strategi for universell utforming i Nordisk ministerråd. Dette er fastlagt i programmet for det norske formannskapsåret 2012.  Det arbeidet som arbeidsgruppa utfører vil danne grunnlaget for vidare nordisk samarbeid innanfor universell utforming.