Rapport: «Nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming i fylker og kommuner – Erfaringer og eksempler»

Rapporten avsluttar tiltaket K1 i Regjeringa sin handlingsplan «Nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming i fylker og kommuner 2009 – 2013». Den presenterer både kompliserte og enklare tiltak, som kan vere til nytte for mange andre.

Kommunane har gjennom konkrete erfaringar opparbeidd seg kunnskap om kva som gjev gode resultat i arbeidet med universell utforming. Denne erfaringa er samla i ei rad informative artiklane i rapporten, og samstundes skapt eit godt fagleg samarbeidsklima mellom ulike kommunar og fylke. Pilotkommunar er blitt ressurskommunar for nye kommunar - etter ein desentralisert organiseringsmodell frå Miljøverndepartementet.

Odd Bjørn Solberg har arbeidd med rapporten som er publisert av Miljøverndepartementet. Foto: Torben Tøsse Blindheim

Rapporten har eit stort nedslagsfelt og illustrerer varierte døme på universell utforming, seier (tidlegare tilsett kommunikasjonsrådgivar) Odd Bjørn Solberg, Husbanken vest. Han har medverka med journalistisk, layout - og billedmessig kompetanse i redaksjonskomiteen. Rapportarbeidet inngår som ein del av Husbankens samarbeid med Miljøverndepartementet om arbeidet med universell utforming. Rapporten er laga i tett samarbeid med deltakande kommunar og fylker.

Prosjektansvar, organisering og midlar:
Miljøverndepartementet
Deltakarar: 88 kommunar og 17 fylker

 

Rapport

Nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming i fylker og kommuner

(regjeringen.no)