Nasjonal konferanse om universell utforming i september

Direktoratet for byggkvalitet, Miljøverndepartementet, Husbanken, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Stord kommune inviterer til nasjonal konferanse om universell utforming i bygg, bustader og uteområde.

Konferansen har fått namnet Hit eit steg og dit eit steg, og vert arrangert i Bergen 27.- 28. september. Føremålet med konferansen er å inspirera, spreie kunnskap, erfaringar og  gode eksempel på universell utforming som eit kvalitetskrav og ein strategi for sosial tilgjenge. Viktige stikkord er likeverd, demokrati og bærekraft.

Konferansen og samlinga skal:

  • Formidla og kommentera politiske føringar for Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming med særleg fokus på bygning- og bustadpolitikken
  • Auke kunnskap om betydningen av lysdesign og akustikk
  • Inspirere til god planlegging av byrom og bustadområder
Foto: www.colourbox.com

Spanande program og synfaring

På programmet står mellom anna foredrag frå administrerande direktør i Husbanken, Bård Øistensen, førsteamanuensis og leiar av byggeskikksjuryen Erling Dokk Holm og dei to lysdesignarane Olsson og Lindner frå Jönkøping.

Dag 2 er satt av til synfaring til den nyleg opna mathallen på fisketorget, bybanen og byvandring med Arve Nilsen, rådgjevar hos Byantikvaren i Bergen.

Målgruppe

Konferansen er for tilsette i kommunar, etatar og direktorat som arbeidar i feltet universell utforming og bygg, bustad og uteområde, byggjebransjen/ aktørar i byggnæringa samt andre som har interesse for temaet.  

Sjå fullstendig program og meld deg på her