Meir enn ingenting

Som 21 åring fekk Dhita Siauw påvist augesjukdommen Lebers opticus atrofi. Augesjukdommen gjer at han har ein skinnande gul flekk midt i synsfeltet som hindrar skarpsynet. I dag, 15 år etter han fekk diagnosen nyttar 36-åringen kunst for å auke kunnskap om synshemmingar, og endre folks haldningar.

Til tross for svekka syn gjer Dhita dei tinga han alltid har gjort; som til dømes å skate og reise mykje utomlands. Han fortel at den største forandringa etter han fekk påvist augesjukdommen var på det sosiale planet

  1. Som 21 åring fekk Dhita Siauw påvist augesjukdommen Lebers opticus atrofi. Augesjukdommen gjer at han har ein skinnande gul flekk midt i synsfeltet som hindrar skarpsynet.
  2. Verda gjennom ein gul flekk: Dhita held foredrag om utstillinga si. Bilete han viser her synar korleis han sjølv ser verda - gjennom ein gul flekk.
- Det verste med å miste synet er å miste verktøyet til å kommunisere, at du ikkje lengre kan helse på nokon på avstand, og kjenne dei att. Man merker at vennekrinsen og den sosiale krinsen blir snevra inn. Det blir hele tida ein kamp om å gidde å «stille seg litt til hugg», og kanskje helse på feil person. Gjør ein ikkje det så blir ein jo hele tida avhengig av at andre oppsøker deg og presenterer seg. Det er ikkje nødvendigvis ein samtale, men berre det nikket når du går forbi som gjer at du opprettheld den sosiale krinsen rundt deg. Dette fortel eg om i utstillinga mi.

Kunst som formidlingsform og reiskap til handlingsendringar
Utstillinga «Mer enn ingenting» som har vore utstilt i fleire norske byar er eit samarbeid med fleire av landets mest kjente fotografar som i samarbeid med synshemma har teke bilete som beskriv korleis personar med ulike synshemmingar ser.

 – Ved å arbeide med dette prosjektet kunne eg få satt ord på kva eg såg, og andre med meg.  Det tok meg 14 år å fortelje at eg så den gule flekken, for det virka så rart. Eg trudde folk skulle tru at eg var sprø, at det berre var meg, fortel Dhita. Å bidra til haldningsendringar ved å stille ut i det offentlige rom er veldig spanande, og det fungerer, seier Dhita. - To etter utstillinga mi møter eg framleis folk som veit om desse augesjukdommane, fordi dei har sett utstillinga og har fått eit verktøy til å forstå oss.

Universell utforming
I følgje Dhita handlar universell utforming like mykje om haldningsendring som fysisk å leggje til rette for funksjonshemma. Han meiner det ikkje berre er fortauskantar som er hindre, men haldningane til menneskje og samfunn.

I Noreg er det kring 400 000 personar som har synshemmingar av ulik grad. Kring 5000 av desse er blinde. Majoriteten er ein stad midt i mellom. - Folk forstår ikkje at eg og andre med meg, ser dårleg, vi er usynleg funksjonshemma. Eg trur på å spreie kunnskap fordi mange av dei problema vi møter på er ikkje fysiske, men basert på haldningane til samfunnet. Det er det som er den største utfordringa. 

Enkle løysingar
I følgje Dhita kan tilrettelegginga av samfunnet for funksjonshemma bli betre ved å inkludere brukarane meir i prosessane. Dhita deler fleire historier frå kvardagslivet, nokre så morosame og absurde at ein berre må le. Som historia om alle kjøttbollane som på mystisk vis berre trilla av middagsfata, fordi fata låg opp ned. Men under dei humoristiske historiene ligg det eit viktig bodskap:

 -  Eg trur at ved å snakke med brukarane så vil man finne at dei enkle løysningane faktisk er best. Veldig mange løysningar treng ikkje vere så veldig «high-tech», men kanskje meir fornuftige. Som busser og trikkar med talevarsel; ledeliner er til hjelp for nokre, men de vil framleis ikkje fortelje deg kva for ein buss det er.

- På min busshaldeplass stopper det en hel haug med busser. Og alle bussene er raude. Eg spør ofte kva for ein buss som kjem, men det er ingen som forstår at eg ser dårlig, så dei peiker berre på bussruta og seier « det står jo der». Eg har gjort mine egne testar på det, og ca. 8 av 10 gonger så peikar folk berre på bussruta. Eg forstår jo dei jo; korleis skal dei vite at eg ikkje ser når eg ikkje har blindebriller eller stokk, men i bland orkar eg ikkje det å måtte forklare meg i to minuttar, så ofte set eg meg berre på bussen og tar heller den støyten om at det kan vere feil buss.

Du kan lese meir om Dhita og ustillinga, og se bileta på Noregs blindeforbund sine heimesider.