Livskvalitet gjennom gode uterom

Forsking viser at korte besøk i grøntområde gjer godt for alle. Hageselskapet har i ein årrekkje arrangert kurs om korleis gode uterom kan skapast.

Gode uterom kan forsterke opplevinga av kvalitet og gi inspirasjon til å ferdas der, og medverke til å auke mellommenneskeleg kontakt.

Inspirerande og engasjerande 

Tilbakemeldingar som “det beste kurset eg har vore på” og “Eit utruleg inspirerande og engasjerande kurs!” synar at kursa er av stor nytte og ei kjelde til inspirasjon for deltakarane.

Foredragshaldarane har og gitt uttrykk for at kursa er eit godt forum for formidling av ny kunnskap, og tilbakemeldingane frå deltakarane kring utfordringar innanfor fagfeltet er viktig for kunnskapsdeling mellom aktørane.

Foto: colourbox.com

Ein viktig møteplass

Arkitekt ved Husbanken Region vest, Christina Skancke Sørheim har deltatt på kurset, og seier samarbeidet mellom Hageselskapet og Husbanken om desse kursa er ein viktig møteplass for ulike aktørar

- For Husbanken er universell utforming eit viktig satsingsområde. Samarbeidet med Hageselskapet om denne typen kurs synliggjør kor viktig gode og inkluderande uteområde er for bukvalitet.

Sørheim seier vidare at arenaer som dette er ein god moglegheit til å påverke bransjen og kommunane til å tenke heilskapleg når nye bustadområde vert planlagd.

Kompetanseheving

Kursa gir kunnskap om berekraftig byutvikling med fokus på brukarar, overordna planlegging og kvalitet i uteromma. Målet er å heve kompetansen til planleggjarar, byggesaksbehandlarar, utbyggarar, politikarar, arkitektar og landskapsarkitektar om kvalitetar knytt til uteareal.

Hageselskapet har fått kompetansetilskot frå Husbanken til å arrangere kursa. 

Kommentarer

Navn:
E-post:
Kommentar:
Kommentaren din må godkjennes før den blir synlig på websiden.