Kva er universell utforming?

Definisjonar, prinsipp, utdjuping og andre nettstader.

Med universell utforming forstår vi at alle menneske – uavhengig av alder og funksjonsevne - skal på ein likeverdig måte kunne bruke dei same bygde omgjevnadene.

Universell utforming vil ikkje seie spesialtilpassing til einskildpersonar eller grupper, men er i størst mogeleg grad utforming som inkluderer flest mogelege menneske utan spesialtilpassing.  

Innan bustadsektoren medfører dette at ein ved nybygging, utbetring og ombygging skal legge vekt på at bueiningar, fellesområde og uteareal skal vere brukbare for eit vidt spekter av menneske: barn, eldre, synshemma og rørslehemma i tillegg til spreke 20-åringar. Småbarnsforeldre skal kunne ta med seg barn i barnevogn og ukjende besøkjande skal kunne finne fram. Tiltak som er nødvendige for somme gir bustadområde som er brukbare for fleire og enklare for mange.

Oversikta er utarbeidd av Byggforsk i år 2005 og for seg forsking og utgreiing knytt til universell utforming og tilgjenge i bygg, bustader og bustadområde dei siste fem åra.