KS med ny UU studietur til Barcelona

Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon, KS, varslar tette og travle dagar med gode innleiarar og engasjerte deltakarar når KS for tredje gong arrangerer studietur innan universell utforming til Barcelona 25.-28. september 2011.

- Studieturen er matnyttig både for tilsette og politikarar i kommunar og fylkeskommunar som ynskjer å få meir kunnskap og inspirasjon innan universell utforming, seier bustadspolitisk rådgjevar Christian Hellevang i KS, og tillegg at han håper på deltaking frå både statlege og private aktørar i tillegg til deltakarar frå kommunar og fylkeskommunar.

Bilete frå ein tidligare studietur til Barcelona.
Barcelona merkjer seg ut på korleis det systematisk arbeidas med å leggje byen til rette for alle, og byen er eit godt døme for alle norske kommunar og fylkeskommunar i deira arbeid med universell utforming. Men deltakarane vil og få sjå døme på at byen framleis har utfordringar.

Målgruppa er politiske og administrative leiarar i kommunar og fylkeskommunar, fagspesialistar og saksbehandlarar. Turen er og relevant for nøkkelpersonar i departement og direktorat, universiteter, høgskular, private selskap og Husbanken.

I samband med studieturen vil det også bli moglegheit for å bli med på ein tur til fjellet Montserrat som ligg om lag 60 kilometer utanfor Barcelona. På dette fjellet er det satsa stort på universell utforming, noko deltakarane får sjå nærare på.

For meir informajson om studieturen, kontakt KS.