Husbanken lyser ut kompetansetilskotsmidlar

Husbanken oppmodar nyskapande prosjekt innan universell utforming om å søke kompetansetilskotsmidlar. Søknadsfrist er 30. mars.

Kompetansetilskotet skal bidra til fleire miljøvenlege og universelt utforma bustader, bygg og uteområde, og til å heve kompetanse om berekraftige kvalitetar.

Foto: colourbox.com

Innanfor universell utfoming vil Husbanken prioritere prosjekt som bidrar til

• universell utforming av uteområde og eksisterande bygg, særleg i forbindelse med fleirleilegheitsbygg

• auka kunnskap om, og utprøving av ny teknologi i bustader slik at fleire kan bu heime lenger

• heve kunnskapsnivået om universell utforming i relevante utdannings- og fagmiljø

• metodeutvikling og tilhørande verktøy
 

 

Les meir om Husbankens kompetansetilskot, kven som kan søkje og korleis