Kva er prosjekt bustadtilpassing?

I 2004 inngjekk Husbanken og NAV (tidlegare Rikstrygdeverket) ein samarbeidsavtale der hovudmålet var å ivareta behova til personar som treng tilrettelegging av bustad.

Prosjektet starta som eit modellforsøk i 15 kommunar i Hordaland og Sør-Trøndelag. 

Ein godt fungerande kommunal bustadrådgivingsteneste er nødvendig for å oppnå gode resultat. Difor arbeidar Husbanken tett med NAV hjelpemiddelsentral om etableringa av ein slik rådgivingsteneste i alle landets kommunar.

Målsettinga for prosjekt bustadtilpassing er

  • etablering av bustadrådgivingsteneste i forsøkskommunar for å sikre betre organisering av arbeidet rundt bustadrådgiving og meir hensiktsmessige bustadløysingar for brukar
  • samordne bruk av økonomiske virkemidlar og prøve ut fleksibilitet i bruk av virkemidlane for å fremskaffe grunnlag for forslag til endringar i Husbanken og folketrygden sine finansieringsordningar

Ein anna sentral del av prosjektet har vore utprøving av to nye statlege virkemidlar;

  • tilskott til utredning
  • tilskott som alternativ til heis/løfteplattform eller rampe

Foreløpige resultat

Som eit resultat av prosjektet er tilskott til utredning frå Husbanken etablert som ei varig ordning. Nav hjelpemiddelsentral sitt tilskott som alternativ til heis/løfteplattform eller rampe er fortsatt ei prøveordning, men er utvida til å gjelde alle landets kommunar.

Prosjekt bustadtilpassing har synleggjort at dei ulike aktørane har ulik kompetanse og tilnærming til tilpassingssakar. Prosjektet viser at samordning av kompetansen både på kommunalt og statleg nivå i høve til brukar er vellukka.

Tilskott til utredning

Husbanken kan gje tilskott til utredning og prosjektering av bustaden. Kommunen skal gje råd og rettleie byggherre gjennom ordninga.

Utbetaling av tilskott i staden for utlån

Utbetaling av tilskott i staden for utlån er ei forsøksordning frå Nav som gjør det mulig å velje ombygging i staden for installering av hjelpemidlar som til dømes trappeheis, løfteplattform og kjørebru/rampe. Nav hjelpemiddelsentral kan gje tilskott til huseigaren tilsvarande kostnadane ved installasjon av desse hjelpemidla. Hjelpemiddelsentralen og Husbanken skal trekkes inn som ressurs for kommunane og for brukar/ byggherre i meir kompliserte saker.