Video om etterinnstallering av heis i Årdal
Arbeidet med etterinnstallering av heis i Årdal gjekk unna i ekspressfart i 2013. Bebuarane har fått heis og nye trapper, plassert i tilbygg på utsida av blokkene.
Husbanken har løyvd både heistilskot (50%) og nesten 50 % i grunnlån til det resterande i dette pilotprosjektet, slik at bebuarane har fått ei gunstig finansiering.
Ettermonteringa er ein vinn-vinn-situasjon både for kommunen og for bebuarane: Dei kan bu lengre heime og kommunen sparer store summar på omsorgs- og sjukeheimplassar.
Bebuarane trengte ikkje å flytte ut under ombygginga. Det blei utvikla ei trappeløysing, som gjorde at bebuarane kom seg ut og inn i leilegheitene sine gjennom ei smart og fleksibel mellombels trappeløysing, kopla til altanane på framsida.
Sist oppdatert:
30.10.2013