Heis i julegåve i Årdal

Bebuarane i Flotane burettslag i Årdal har fått skikkeleg harde pakkar til jul i år. Dei har nemleg fått etterinstallert heis i tolv oppganger fordelt på fem bustadblokker.

Beboer i Flotane burettslag og nybakt mor Stine Trovund Stenersen i heisen med barnevogna.
- Dette var ei herleg julegåve, seier Stine Torvund Stenersen, nybakt mor i tredje etasje i Flotane burettslag framfor den nyinstallerte heisen i blokka hennar i Årdal kommune. Foto: Årdal boligbyggelag

- Sjølv om det berre er nokre dagar sidan heisene er sette i drift, har vi alt fått førespurnader frå kommuneadministrasjonen om heisen i den og den oppgangen er komen i drift. Dei spør mellom anna, fordi bebuarane skal skrivast ut frå sjukehuset eller no må bruke rullestol og treng heis for å kome seg inn att i blokkbustaden sin, fortel Greta Steinheim i Årdal boligbyggelag.  

I år skal Cato Johansen (rullestolbrukar)  feira jul i saman med son, svigerdotter og barnebarn i tredje etasje i Sauekvei burettslag. Det har han ikkje gjort tidlegare, og han gleder seg stort.

Mange av blokkene i kommunen er frå 1950- og 60-talet, og heisene gjer at fleire no kan bu både enklare og lenger i bustadene sine. På landsbasis har det gått sakte med å etterinstallere heis i eldre bustadblokker, men i Årdal har dette teke skikkeleg av, fortel Greta Steinheim.  Årdal kommune er kanskje også den staden i Norge med flest blokkbustader i høve til folketalet. 

Sauekvei burettslag i Årdal er også i ferd med å installere er fire heiser, to er alt i drift, og to i løpet av januar 2014. Etterinstalleringa er gjennomført med investeringstilskot og grunnlån frå Husbanken.

I tillegg har to burettslag til søkt om tilskot til etterinstallering av heis i 2014: Det er Øyåkeren burettslag, som skal installere 14 heiser og Vee-sletta burettslag 15 heiser. Husbanken har og skrive ei fagartikkel om etterinnstallering av heis i eksisterande bustadblokker.

Les også

Heistilskudd frå Husbanken
Tilskudd til tilstandsvurdering frå Husbanken 
Flere artikler om etterinnstallering av heis i Årdal

Kontaktpersoner

Solveig Paule, avdelingsdirektør Husbanken Region vest
Oddvar Rørtveit, seniorarkitekt Husbanken Region vest