Satsar stort på heis i Årdal

Årdal Boligbyggelag  etterinstallerer 16 heisar fordelt på to burettslag. Heisane skal stå klare innan utgangen av 2013. Husbanken har løyva 20 millionar kronar i tilskot til føremålet.

Pilotprosjektet har blitt til i samarbeid med Årdal Boligbyggelag, NBBL, Årdal kommune, NAV, Hjelpemiddelsentralen og Husbanken.

Fleire av burettslaga er interesserte i å installere heis, og no er dei to første i gang. I Sauekvei burettslag skal det installerast fire heisar, medan det i Flotane burettslag skal installerast tolv heisar.

Samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral

Det har vore eit mål med pilotprosjektet å syne den samfunnsøkonomiske gevinsten ved å etterinnstallere permanente heisar i staden for å sette opp og demontere trappeheisar etter behov.

Samarbeidet med Hjelpemiddelsentralen har resultert i ei prøveordning der midlar til trappeheis har blitt overført til etableringa av dei permanente heisane.

Eldre bustadblokker

Bustadbyggjelaget har 22 burettslag i Øvre Årdal og 8 på Årdalstangen – til saman over 750 leilegheiter. Ein stor del av leilegheitene er lokalisert i 3-etasjes blokkar frå 1950 - 1967 utan heis.

Mange av bebuarane i blokkane er eldre personar, fleire med behov for heimetenester. Etterinnstallering av heis i burettslag gjer kvardagen enklare for alle bebuarar uavhengig av alder, og gjer det mogleg for fleire å kunne bli buande heime lengre.

Husbanken sin tilskotsramme for heis i 2013 er på 40 millionar kronar.

  1. Eit av dei nye heishusa i Flotane burettslag. Foto: Greta Steinheim/ ÅBBL
  2. Burettslaga i Årdal Boligbyggelag er frå perioden 1950 - 1967. Foto: Husbanken  
  3. Frå synfaring til burettslaga 18.09.2012. Frå venstre: Regiondirektør i Husbanken Region vest Mabel Johansen, seniorrådgjevar i NBBL Bente Johansen, Markus Vikøren fra Prosess-Elektro, seniorrådgjevar i Husbanken Torstein Syvertsen og adm. dir. i NBBL Thor Eek. Foto: Husbanken
  4.  Pilotprosjektet i Årdal har fått mykje merksemd i lokalpressa. Her frå Sogn Avis 31. oktober 2012.