Enklare kvardag med heis

Eit samstemt burettslag, effektiv planlegging og godt samarbeid med Stavanger Boligbyggelag har resultert i etterinstallering av fem heisar i Sundekrossen burettslag. Heisane vart teke i bruk i november 2012.

Sundekrossen burettslag vart etablert på byrjinga av 80-talet, og består av i alt 238 bueiningar fordelt på 174 leilegheiter i blokk, og 64 leilegheiter i rekkjehus. Burettslaget ynskte å installere heisar i dei fire lågblokkene, og kontakta Stavanger Boligbyggelag i hausten 2011. I mai 2012, drygt eit halvår seinare starta grunnarbeidet.

Heistilskotet var avgjerande 

Dei fem heisane er plassert i eksterne sjakter utanfor svalgangane. Denne løysinga gjer at inngrepet i den eksisterande bygningskroppen blir minimalt.

Prosjektleiar i Stavanger Boligbyggelag, Ane Kristine Gangstad, seier heistilskotet var avgjerande for etterinnstalleringa - Dersom burettslaget ikkje hadde fått heistilskot, ville ikkje heisane blitt realisert. Husbanken sin ordning med tilskot, og moglegheit for å låne resterande beløp er glimrande for burettslag.

  1. Før: Lågblokkene i Sundekrossen borettslag vart bygd tidleg på 80-talet, og har fire etasjar. Foto: Stavanger Boligbyggelag
  2. Etter: Dei fem heisane er plassert i eksterne sjakter utanfor svalgangane. Denne løysinga gjer at inngrepet i  den eksisterande bygningskroppen blir minimalt. Foto: Stavanger Boligbyggelag

Letter kvardagen for alle

No kan bebuarane i dei fire lågblokkene glede seg til ein enklare kvardag, når dei har storhandla matvarar eller har kjøpt seg ny vaskemaskin,  brote ein fot eller vil ut med barnevogna.

Stavanger Boligbyggelag meiner leilegheitene i dei øvste etasjane vil få ei verdiauke opp mot eit par hundretusen kronar som følgje av betre tilgjenge, som fører til fleire potensielle kjøparar.

Stavanger boligbyggelag som prosjektleiar

Stavanger Boligbyggelag ved prosjektleiar Ane Kristine Gangstad har hatt byggherreansvaret på vegne av styret i burettslaget gjennom heile prosessen. Som prosjektleiar har Gangstad mellom anna samla inn prisar frå heisleverandørar og leverandørar av betongelement til sjaktene. I tillegg har rådgjevarar frå bustadbyggelaget vore med på møter i burettslaget og informert om økonomien i prosjektet.