Førde: Informasjonsmøte om bustadtilpassing

Start: 01. november 2017 16:00
Slutt: 01. november 2017 20:15
Sted: Førdehuset, Angedalsveien 5, 6800 Førde
Pris: Gratis
Påmeldingsfrist: 30. oktober 2017 23:59

Vi nordmenn er i verdstoppen når det gjeld oppussing. Men tenkjer vi på tilgjengelegheit for å kunne bli buande lenger heime? Får vi full effekt av dei 70 milliardane vi pussar opp for kvart år?

Her får du sjansen til å høyre meir om korleis du kan tilretteleggje bustaden din når du pussar opp, og korleis oppussinga aukar verdien på bustaden. Husbanken og Nav Hjelpemiddelsentral inviterer til opent møte om bustadtilpassing i Førde sentrum.

Vi startar kl. 16.00 med å servere suppe og brød til deg som kjem rett frå jobb. Husbanken og NAV Hjelpemiddelsentral vil vere tilgjengelege for ein uformell prat, meir informasjon og svare på spørsmål.

Program

16:00 Velkommen

16:40 Universell utforming: Tilgjengeleg, funksjonell og estetisk bustad
v/ Tina Therese Larsen, sivilarkitekt og seniorrådgivar i Husbanken vest

17:40 Vert marknadsverdien på bustaden påverka av tilrettelegging og tilgjengelegheit?
v/ Pål Anders Kårstad, dagleg leiar/eiendomsmeklar i Sparebanken Sogn og Fjordane

18:10 Kaffi og noko å bite i

18:30 Husbankens låne- og tilskotsordningar til oppgradering av bustaden
v/ representantar frå Husbanken vest

19:00 Nyttige tips for ein enklare kvardag
v/ Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane

19:30 Speed-Dating: Vil du snakke med nokon av oss frå Hjelpemiddelsentralen eller Husbanken? Vi svarer på spørsmål, ta gjerne med teikningar.

20:15 Vel heim

Detaljert program (pdf)