Etterinstallering av heis

I 2014 er det venta søknader over 70 millionar kroner i tilskot til heis.

I Noreg bur svært mange i lavblokker utan heis. Det er ei stor oppgåve å ruste opp eksisterande bustadmasse og gjere den tilgjengeleg for alle som slit med å gå i trapper. Etterinstallering av heis kan bidra til at folk kan fortsetje å bu i eigen heim dersom helsa sviktar, eller når andre årsaker gjer at bustaden ikkje er tilpassa livssituasjonen.

  1. Eit av dei nye heishusa i Flotane burettslag i Årdal. Foto: Greta Steinheim, ÅBBL
  2. Sporen burettslag utanfor Stavanger fekk etterinnstallert heis i 2009 ved hjelp av heistilskot frå Husbanken. Heissjaktene er i lys marmor på utsida av bygningskroppen og gir fin kontrast til den mørkebrune kledningen. Foto: Ingrid Feet Bjørgo, Husbanken.

Markert auke i interessa for heistilskot

Husbanken har i nokre år hatt tilskotsmidlar som kan hjelpe burettslag og andre sameige med å finansiere installasjon av heis, utan at dette skal koste for mykje for bebuarane.

Det har vore har auka interesse for heistilskot og medan vi i 2011 gav ca. ein halv million i tilskot, var beløpet i 2013 på heile 40 millionar kroner.

Mogeleg å søkje om fleire tilskot for å få til gode løysingar

Det er ikkje alltid enkelt å få til gode løysingar og derfor er det mogleg å søkje tilskot både til prosjekteringsarbeid og til å dekkje installasjonskostnadene når rett løysing er på plass.
Husbanken dekkjer som regel 50 prosent av kostnadene til prosjekteringsarbeid. Avhengig av størrelsen på oppgåva, har tilskota variert i storleik frå 15 000 til 300 000 kroner.

Når det gjeld tilskot til installasjon er variasjonen langt større, frå  200 000 til 15,6 millionar kroner i den største saka i 2013. I dette tilfellet vart 16 nye heis- og trappehus i Flotane burettslag i Årdal tildelt nærare 50 prosent tilskot.

Tilskot til heis blir vanlegvis kombinert med Husbankens grunnlån, slik at finansieringstilbodet er på 100 prosent.

Sjølv om ny heis gir betre tilgjengelegheit, er det ikkje sikkert at leilegheita er godt tilrettelagt for dei med nedsett funksjonsevne. Husbanken har utgreiings- og prosjekteringstilskot som kan nyttast ved førebuing av nødvendige utbetringsarbeid innvendig i leilegheita.

Oppfordrar burettslag om å søkje

Det kan vere særs krevjande for styra i burettslaga å få gjennom større vedlikehalds- oppgaderingsprosjekt. Dei må har 2/3 fleirtal i generalforsamlinga, før vedtaket er gyldig. I tillegg til utgreiing og budsjettering, er arbeidet med å informere og motivere andelseigarane undervegs i prosessen. Husbanken krev òg at tilsegn og utbetaling av tilskotet, til ferdig utført prosjekt, skal skje innan det same kalenderåret. Det er ikkje sjølvsagt  å oppnå eit positivt vedtak. Derfor fell ein del av tilskota bort kvart år og i  2013 utgjorde dette om lag 25 prosent av ramma for tilskotet.

Det ser likevel ut for at smitteeffekten av siste års aktivitet er stor og for 2014 er det venta søknader om over 70 millionar kroner i tilskott.

Husbanken oppfordrar burettslag om å søkje tilskot til heis. Søknaden kan gjerne vere del av ein søknad til større utbetrings- og vedlikehaldsarbeid der energi- og etterisoleringstiltak inngår. På grunn av spesielle vilkår knytt til tilskotsordninga, er det viktig at søknaden blir sendt Husbanken seinast ved årsskiftet dersom ein har planar om gjennomføring i påfølgjande år.

I 2013 har NAV Hjelpemidler, som ei forsøksordning, gjort det mogleg å tildele 200 000 kroner som delfinansiering av fullverdige heisløysingar når det bur personar som har krav på trappeheis i ein oppgang.

Det er òg mogeleg å søkje tilskot til utbetringsarbeidet gjennom kommunen.