Prosjektet ”BU 29: Fjerne 100 hindringer”avslutta i Sandnes

Prosjektet ”BU 29: Fjerne 100 alvorlige hindringer i kommunene” vart formelt avslutta under eit innhaldsrikt arrangement i Sandnes kulturhus, der konserndirektør Inger Vold Zapffe i Husbanken overrekte ein rapport om prosjektet til Audun Garberg, politisk rådgivar i Miljøverndepartementet.

Han heldt også innlegg om styremaktene sine planar for å auka tilgjenge for folk flest. Olav Rand Bringa frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet orienterte om deira aktivitet og planar på området.
Arrangementet vart overført direkte på video, slik at alle med tilgang til pc kunne følgje det ”live”.

Konserndirektør Inger Vold Zapffe i Husbanken overrekte rapporten om prosjektet ”BU 29: Fjerne hundre alvorlige hindringer i kommunene” til Miljøverndepartementet.

Varaordførar Kåre Hauge i Sandnes kommune ønskte velkommen til det ombygde kamgarnspinneriet, som no husar eit universelt tilrettelagt Sandnes kulturhus. Bygget var også eit av dei 77 tiltaka, som har blitt gjennomført med støtte frå prosjektet.

Å Fjerne hundre alvorlege hindringar i kommunane, var ambisjonen til det mest tiltaksretta oppdraget Miljøverndepartementet fekk ansvar for i ”Handslingsplanen for økt tilgjengelighet for personer med nedsatt funksjonsevne – plan for universell utforming på viktige samfunnsområder”. Planen lanserte 100 tiltak og skulle verke i perioden 2005-2009.

Då ordninga vart avslutta i 2009 var det gitt tilsegner til 89 saker i 75 kommunar, der alle fylke var representert.  Totalt vart 77 saker fullført.

Under avsluttingsmarkering vart det frå fleire innleiarar understreka at ein hadde klart å skape ein nasjonal dugnad og spleiselag mellom stat, kommune og private aktørar. Ja, kanskje har prosjektet også gitt næring til ein ny samarbeidsmetodikk på tvers.

Seniorarkitekt Oddvar Rørtveit i Husbanken hadde hatt hovudansvaret for å administrere prosjektet. Han streka under at ambisjonen til tiltaket var å  identifisere hindringar og skaffe raske, praktiske eksempel. Han meinte at prosjektet hadde utvikla gode prinsipp for samhandling i planlegging og medverknad frå brukarane. Prosjektet hadde fire tiltaksområde, nemleg Transport, Bygg og uteområde, Informasjon og IKT samt Andre område. Det kom inn flest søknader innan tilkomst i bygg og uteområde.

Forskar Lillin Knudtzon frå NIBR hadde analysert tiltaka og kom fram til at dette hadde vore eit særs vellykka prosjekt. Bjørn Hille i Jæren Friluftsråd orienterte om erfaringane med utplassering av rampar på Hellstøstranda og dansegruppa Glow dance company stod for det kulturelle innslaget ved å utforske ”tilgjengelege rom” rundt oss - både personlege, fiktive og generelle rom.