Brukarane er ekspertane

Ingen er universelt utforma. Tvert i mot har vi alle våre skavankar, og det er summen av desse som må vere utgangspunktet for å utforme gode bustader, uteområde og reiskapar. Derfor er brukarane medekspertar, fordi dei veit kvar skoen trykkjer og kva løysing som trengst.

Dette var ein raud tråd i mange av innlegga under konferansen Universal Design 2012 i Oslo i vår. Konferansen hadde undertittelen: Public Space: Inspire, Challenge and Empower og kunne by på ei rad foredrag, parallellsesjonar og synfaringar.

Eg kjem meg inn, men kjem eg meg ut att også?

Foredragshaldarane kom frå store delar av verda og tok opp svært varierte team. Thorsten Afflerbach frå Council of Europe, snakka om korleis ein kan oppnå full deltaking gjennom «universal design».

- Det er viktig å kome seg inn i ei bygning, men det er like viktig å kome seg ut, poengterte han muntert. Bak humoren låg det reflekterte tankar om ulike strategiar for universell utforming: Stikkorda han var: Deltaking, ikkje-diskriminerande, like mogelegheiter, sosial integrering, variasjon, god politisk leiing og demokratisering.

Logo UD 2012

Fire hinder

Eli Knøsen frå  Likestillings- og Diskrimineringsombudet snakka om universell utforming ut frå eit menneskerettsperspektiv og såg fire hinder på vegen mot eit universelt utforma Noreg i 2025, nemleg fordomar, kunnskapsmangel, pengar og lover.

Brukarstyrt

Birgitte Cappelen drøfta korleis vi kan designe, slik at løysinga blir bra for alle.
- Vi må vekk frå den lineære til ein open og brukarstyrt designprosess. Vi treng mindre knappe- og tastaturorientert design og meir brukarfortolkingar.

Gode fysiske omgivnader

Jon Sanford frå USA snakka om «Effects of Home and Community Design on Outdoor Mobility» og kokte ned innlegget til følgjande: Dårlege sosiale omgivnader kan aldri overgå gode fysiske omgivnader (men det motsette er mogleg).

Godt for alle?

Edward Steinfeld frå University of Buffalo i USA drøfta «The Goals of Universal Design» og poengterte at måla må vere miljøvenlege, bærekraftige og universelle. Det er ei stor utfordring å skape gode løysingar for alle, men korleis skal vi definere universell utforming? Her hadde han opp to ulike definisjonar på «usability», nemleg ut frå eit handikap perspektiv og ut frå prinsippet om «sosial inclucion».
Prinsippa for universell utforming er ikkje nødvendigvis universelle understreka han: I Kina er raudfargen eit teikn på lykke, men i USA like mykje eit teikn på fare. Og kva med universell utforming og fargeblinde?

  1. - Ut frå kva for perspektiv eller brukargrupper bør ein definere universell utforming, spurde Edward Steinfeld frå University of Buffalo i USA. 
  2. Portrett av Edwaed SteinfeldEdward Steinfeld frå University of Buffalo i USA med bok om Universal Design: Creating Inclusive Environments.
  3. Det mangla ikkje på universell utforming i formidling av foredraga under UD 2012: Her kunne ein både sjå foredragshaldarane «live» på scena og på storskjerm, der foredraga vart teksta samstundes som dei vart formidla. I tillegg kunne ein sjå presentasjonane til venstre på storskjermen. Som om ikkje dette var det tolkar til høgre på scena og omsette teksten til døveteikn.
  4.  Trappene i konferansehotellet for UD 2012 var godt merka for svaksynte, slik at trinna var lette å sjå.
  5. Førarhunden forsøker å slappe av medan eigaren lyttar til foredraget.

Ein økonomisk fordel

Ann Freye meinte at sjølv om universelle løysingar kostar, må vi sjå på god tilkomst som ein økonomisk fordel og ikkje berre ein utgiftspost. Inkludering og tilkomst er nødvendig understreka ho. Dessutan må det å tenkje universell utforming bli obligatorisk for fleire tradisjonelle yrkesutdanningar, som til dømes mekanikarar og ingeniørar.

Form follows function

Fleire foredragshaldarar drøfta arkitekturen si rolle i forhold til universell utforming. Bygg og uteområde har ulike former og funksjonar. Forma kan vere estetisk god, men ha etiske implikasjonar, til dømes vere vakker, men utilgjengelege. På den andre sida kan for mange reglar omkring universell utforming hemme arkitekten sin kreativitet.
- Arkitektur er ei multisensorisk oppleving som omfattar både syn, hørsel, luft, berøring og følelse, poengterte Jasmien Herssens frå Belgia i innlegget «Designing Architecture for More: Evaluating a Framework of Haptic Design Parameters with People Using the Built Environment».  Her var ho på linje med fleire andre som såg på dei handikappa som ekspertise i designprosessen.

Universell eller vestleg?

Hua Dong frå Brunel University i England snakke om «Universal design in a global perspective» og poengterte at tenkemåten oppsto i Vesten. Ho var usikker på om grunnprinsippa for universell design fungerer like godt over alt i verda, men understreka at det er viktig å involvere både brukarar og interessentar, samt styrke det tverrfaglege samarbeidet.

Peo Hedvall frå Uppsala Universitet avrunda tre fagspekka dagar med å understreke at universell utforming handlar først og framt om korleis vi vil leve saman.
- Snakk mindre om dører og meir om deltaking innanfor dørene.