Ny utgåve av heftet Boligtilpassing

Roller, ansvar, samarbeid, rådgiving og finansiering i forbindelse med tilrettelegging av bustad blir omtala og utdjupa i dette heftet, som er utvikla i et samarbeid mellom Nav og Husbanken. Heftet vart revidert i august 2012.

 

Målgruppa for dette heftet er personer med nedsett funksjonsevne, pårørande, tilsette i kommunen og andre som skal bidra til å leggje til rette eksisterande bustad slik at den vert tilgjengeleg og funksjonell.

Få bustader er tilpassa personar som har nedsett funksjonsevne. Mange får problem med å bli buande i bustaden sin grunna nedsett bevegelse, syn, hørsel, allergi eller av andre årsakar.

I følgje den siste folke- og bustadteljinga er berre ni prosent av bustadene i landet egna for rullestolbrukarar.

Tilpassing av bustad er difor eit viktig verkemiddel for å sikra at personar med nedsett funksjonsevne får eigna bustad. Dette bidreg til at dei i større grad meistrar eige buforhold og at behov for tenester vert redusert. 

Du kan lasta ned heftet ved å trykke på biletet.