Kva er bevegelseshemming?

Kva meiner vi med bevegelseshemmingar? Kva behov har personar som har bevegelseshemmingar?

 

Med bevegelseshemming meiner vi redusert evne til å bevege seg. Dette kan vere både permanent og for kortare tid, til dømes på grunn av beinbrot eller plagar ved graviditet. Det kan vere på grunn av varige, medfødte fysiske forhold, alder, eller skadar. Dei fleste menneske vil i løpet av livet oppleve bevegelseshemmingar i større eller mindre grad.

Når vi planlegg med tanke på bevegelse må vi mellom anna ta omsyn til bruk av barnevogn, rullestol, krykkjer, nedsett lunge- og hjertefunksjon, og liknande.

Husbanken legg også vekt på at personar med bevegelseshemmingar skal kunne ta seg fram til stader der dei ønsker å vere - ikkje berre frå parkeringsplass til inngangsdør. Det betyr at alle bør ha tilgang til altan eller terrasse, og at alle bør kunne bevege seg på opphaldsstadane i bustadområdet.

Døme på gode tiltak:

  • Kort avstand frå parkering til bustad
  • Trinnfri tilkomst, eller få og låge trinn
  • Dører som er enkle å opne
  • Kvileplassar
  • Heis
  • Støttegrep
  • Fast og jamnt dekke utandørs
  • Rommelege plassforhold
  • Lågare høgd for beteningsknappar og grep
  •