Bergen: Bærekraftig frokost - Kva gjer vi med alt vatnet?

Start: 21. februar 2018 08:00
Slutt: 21. februar 2018 10:00
Sted: Bergen - Kantina i Bergen Rådhus. NB! På grunn av krav til tryggleik, er det berre påmeldte deltakarar som slepp inn i kantina. Dørene blir stengt kl. 08.20.
Pris: Gratis
Påmeldingsfrist: 19. februar 2018 23:59

Korleis skal vi sikre at anlegga for handtering av overvatn har stor nok kapasitet, og samtidig bidra positivt til miljø og estetikk i fortettingsområde?

Sider fra Berekraftig frokost 21februar
Korleis kan vatnet vere ein ressurs i områdeutviklinga?
 

Klimaendringar gjer at det regnar stadig meir. Samtidig fører fortettinga av byen med seg fleire harde og glatte overflater. En god strategi for overvasshandtering er difor avgjerande for å hindre skader. Alt regnet som kjem ned skal finne vegen til sjøen. Dette helst utan å gjere skade. På same tid er det eit ønskje om at vatnet skal fram i bybildet og bidra til trivsel og blå/grøne strukturar.

I Bergen kommune har dei jobba over fleire år med dette temaet. Dei har opparbeidd seg høg kompetanse og tilnærma seg problemstillinga på ulike vis. Torstein Dalen frå Vann- og avløpsetaten i kommunen veit godt kva for prinsipp og overordna linjer som ligg til grunn, og han vil gje oss innblikk i det pågåande arbeidet med kommunedelplan for overvatn. Han vil òg skildre planane for overvasshandtering i det planlagde området på Mindemyren.

Program

  • 08.00 Frukost
  • 08.15 «Hva gjør vi med alt vannet i Bergen?» ved Torstein Dalen, VA-etaten, Bergen kommune
  • 09.00 Pause
  • 09.15 «Overvannshåndtering på Mindemyren», ved Bymiljøetaten
  • Slutt 10.00