Bergen: Bærekraftig frokost - Skogen sin funksjon i bratt terreng

Start: 20. februar 2019 08:00
Slutt: 20. februar 2019 10:00
Sted: NB! Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5, Auditoriet
Pris: Gratis
Påmeldingsfrist: 19. februar 2019 16:00

Skogen har ein viktig funksjon som vern mot klima, naturskadar og ras i bratt terreng. Eit mildare klima og mindre beiting gir oss meir skog og vegetasjon langt opp i fjellsidene. Dette er godt nytt for samfunnet.

Berekraftig frokost 20 februar 2019ny

"Store steiner dundret ned mot Løvstien" stod det i BA 16. september 2018. Er dette noko vi må venne oss til i Bergen framover?

Temaet «skog og naturfare» er relativt nytt i Noreg. Vi treng meir kunnskap om tilpassa skjøtsel og hogstmetodar, noko som vil vere viktig for å få innarbeidd god praksis i samarbeid med skogeigaren, næringa og kommunar.

Skogen spelar ei viktig rolle i skredfarekartlegginga og påverkar faresoner for flaum og skred i bratt terreng. Til dømes krev meir ekstremvêr og aukande skogdrift langsiktig planlegging.

Det nasjonale Naturfareforumet skal identifisere manglar og forbetringspotensial i samfunnet si førebygging og handtering av naturfarar. Dei føreslår tiltak for å møte dette.

Sjå siste rapport frå Naturfareforum her.

Program

  • 08.00 Frukost

  • 08.15 Korleis kan vi leve med naturfare?
    Kunnskapsbasert hogst – korleis nytte ressursane betre?
    v/ Bergen kommune, byrådsavdelinga for byutvikling

  • 08.30 Skredfarekart som førebuingsverktøy
    Skog som vern mot naturfare - juridisk status, ein rapport frå Naturfareforum
    v/ Hallvard Berg, seniorrådgivar, NVE Skred og vassdragsavdelinga

  • 09.00 Pause

  • 09.10 Beredskap og samfunnstryggleik i Vestland fylke - effektiv bruk av ressursar
    Meir tverrfagleg samarbeid mot naturfare
    v/ Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef, Fylkesmannen i Vestland

  • 09.30 Integrert skogforvaltning og klimatiltak i risikoområder for naturskade
    v/ Simon Wolff, seniorrådgivar for skog og tre, Fylkesmannen i Vestland

  • 10.00 Slutt

Foredragsholdere

Byrådsavdelinga for byutvikling, Bergen kommune
Hallvard Berg, seniorrådgivar, NVE Skred og vassdragsavdelinga
Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef, Fylkesmannen i Vestland
Simon Wolff, seniorrådgivar, Fylkesmannen i Vestland