Sluttmarkering av "BU 29 - Fjerne hundre alvorlige hindringer

Det nasjonale dugnadsprosjektet "BU 29: Fjerne hundre alvorlige hindringer i kommunene" avsluttes med brask og bram i Sandnes kulturhus mandag 9. mai kl 1200.

Under markeringa vil det bli overrekt ein eigen prosjektrapport til dei tre departementa, som har vore involverte i prosjektet. Ein forskar frå NIBR vil også gi ein analyse av prosjektet.

Både Sandnes kommune, Rogaland fylkeskommune og Husbanken vil ha innlegg under avsluttinga. Det blir også innlegg ved representantar frå Barne,- likestillings- og inkluderingsdepartementet, miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.