Nytt forskingslaboratorium for universell utforming opna

Onsdag 11. januar 2012 blei Norsk forskningslaboratorium for universell utforming ved Høgskolen i Gjøvik opna. Det 900 m2 store laboratoriet er heilt unikt i europeisk målestokk. Husbanken har gjeve kompetansetilskot til laboratoriet.

Forskarar skal nytta laben til å studere menneske i det bygde miljø, mobilitet og forhold knytt til syn og hørsel. Målet er å finne ny kunnskap om korleis vi kan tilpasse bygg betre for alle menneske uavhengig av fysisk funksjonsnivå.

I fullskala-laboratoriet vil det være mogleg å bygge i 1:1 målestokk, noko som er svært nyttig når ein studerer menneske i bevegelse. Fullskala-laboratoriet er konstruert som eit byggesystem med lettveggar som gjer det mogleg å skape ein heil etasje i eit bygg i løpet av nokre timar. I golvet er det støypt ned 8000 meter med antennekablar som måler bevegelsar.

Sanselaboratoriet på HiG nyttast til å studere effekt av kontrast, fontar og fargar for synshemma. Sanselaboratoriet er òg blitt brukt for å teste ut storskjermane på Oslo S.

 

Det nye sanselaboratoriet ved Høgskulen i Gjøvik. Foto: Høgskulen i Gjøvik

Kjelde: Høgskulen i Gjøvik