Nytt om tilskot til utleigebustader frå 2019

Tilskotet for utleigebustader er generelt auka med 15 prosent. Frå 2019 kan kommunane berre søke tilskot digitalt, og det er ingen søknadsfrist.

Ny kommunegruppe og endringar i satsar

Tilskotet for utleigebustader er generelt auka med 15 prosent. Det er òg oppretta ei ekstra kommunegruppe (sjå tabellen). I tillegg er nokre kommunar flytta til andre kommunegrupper. Etter desse endringane vil satsane for den enkelte kommune derfor kunne variere noko.

Søknad og saksgang

Det er ingen søknadsfrist. Søknader kan sendast inn fortløpande. Programkommunane får eigen ramme. Denne ramma kan dei disponere fram til 1. oktober. Resterande midlar blir fordelt til andre kommunar som har behov.

Digitalt søknadsskjema

Frå 2019 kan kommunane berre søke tilskot digitalt via ID-porten. Dette sikrar at personen som er logga på, har fullmakt til å representere kommunen.

Søknadsfrist på eitt år

Ved kjøp av utleigebustader er fristen for å søke tilskot sett til eitt år frå overtaking av bustaden.