Aukar satsane for tilskot til utleigebustader frå nyttår

Dei aller fleste kommunar kan sjå fram til høgare tilskot frå Husbanken i 2019 når dei investerer i utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Frå 1. januar aukar regjeringa tilskotet til utleigebustader slik at kommunane kan halde fram innsatsen for at alle skal kunne bo trygt og godt, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Fleire kommunar vil få auka tilskot frå Husbanken

Husbanken bereknar tilskotet per kvadratmeter, og kommunane er delt inn i geografiske grupper slik at storleiken på tilskotet reflekterer dei lokale bustadprisane. Kommunal- og moderniseringsdepartementet justerer desse sonene frå 1. januar.

– Vi har lytta til tilbakemeldingane frå kommunar som meiner dei har vore i feil tilskotssone og har fordelt alle kommunane på nytt. I tillegg aukar vi talet på soner frå fem til seks, seier Mæland.

Les meir i regjeringa si pressemelding